Ahmadabad
Ahmedabad Amdavad | |||
Karnavati | |||
by | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Delstat | Gujarat | ||
Distrikt | Ahmedabad | ||
Del av | Central Gujarat | ||
Høgd | 53 moh. [1] | ||
Koordinatar | 23°02′N 72°35′E / 23.03°N 72.58°E | ||
Areal | 7 700 km² | ||
Folketal | 5 570 585 (2011) | ||
- storby | 6 352 254 | ||
Folketettleik | 723 / km² | ||
Grunnlagd | 1411 | ||
Språk | Gujarati, Hindi and English | ||
Tidssone | IST (UTC 5:30) | ||
Postnummer | 380 0XX | ||
Retningsnummer | 079 | ||
Ahmadabad 23°01′19″N 72°34′47″E / 23.021944444444°N 72.579722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Ahmedabad | |||
Nettstad: http://www.egovamc.com/ | |||
Kjelder: Folketeljinga i India.[2] |
Ahmadabad eller Ahmedabad er den største byen i den indiske delstaten Gujarat. Han ligg ved munningen av elva Sabarmati, og er eit viktig samferdsleknutepunkt og industrisenter. Delstatshovudstaden Gandhinagar er ein forstad til Ahmadabad.
Sjølve byen har rundt 5,5 millionar innbyggjarar, medan storbyområdet har over 6 millionar. Ahmadabad er dermed den 5. folkerikaste byen i India.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ahmadabad blei grunnlagd av sultan Ahmad Shah av Gujarat i 1411, like ved den eldre byen Karnavati som han nett hadde erobra. Ahmadabad voks etterkvart til og slukte opp tidlegare busetnader.
Mahmud Begada, som var soneson av Ahmad Shah, reiste ein bymur med ei lengd på 10 km og med 12 portar i 1487, Byen blei halden ei kort tid i 1535 av stormogulen Humayun, og blei teken for godt av mogulane under Akbar den store i 1573. Ahmadabad var residensby for mogulane fram til 1758, då han blei overteken av Marathariket.
Under mogulane blei Ahmadabad eit av dei viktigaste handelssentera i riket. Varer, særleg tekstilar, blei eksportert så langt unna som til Euopa. Det britiske austindiakompaniet var verksame i byen frå 1619.
Stormogul Shahjahan budde i Ahmadabad i mange år, og reiste bygningen Moti Shahi Mahal.
Byen blei råka av den store hungersnauden i Deccan i 1630–32 og i hungersnauder i 1650 og 1686.
Under Marathariket var byen åstad for ein konflikt mellom to klanar, pesjvaene frå Poona og Gaikvad-herskarane frå Baroda. I 1780 blei byen teken av britane under den første anglo-marathiske krigen, men gjeven tilbake ved slutten av krigen. Det britiske austindiakompaniet tok permanent kontroll i 1818, under den tredje anglo-marathiske krigen. Ein militærgarnison blei skipa her i 1824 og ei lokal styresmakt i 1858.
Ahmadabad var eit sentrum for den indiske sjølvstenderørsla etter at Mahatma Gandhi skipa to ashramar her i 1915 og 1917. Under protestaksjonane mot Rowlatt Act, som innførte permanent unntakstilstand i India, brann demonstrantar ned 51 offentlege bygningar i byen. I 1930 byrja Gandhi saltmarsjen sin herfrå. Store fredelege demonstrasjonar gjorde kolonistyresmaktene uverksame her tidleg i 1930-åra og igjen i 1942. I tida like før og etter delinga av Britisk India førte konflikta mellom hinduar og muslimar til opptøyar i byen. Etter delinga busette mange hinduar som hadde flytta frå Pakistan i Ahmadabad.
Byen såg uro i 1974 under protestar mot sjefsminister Chimanbhai Patel og på 1980-talet under konfliktar om kastekvotar. Jordskjelvet i Gujarat i 2001 øydela fleire høge bygningar i byen. Under opptøyane i Gujarat i 2002 blei Ahmadabad igjen råka av religiøse opptøyar, samstundes som det blei laga leirar for flyktningar frå valden rundt byen.
I 2008 blei Ahmadabad råka av 21 eksplosjonar som drap 56 menneske. Den militante gruppa Harkat-ul-Jihad tok på seg ansvaret. I mai 2010 blei byen råka av ei hetebølgje der temperaturen blei så høg som 46,8 °C. Fleire hundre omkom, og byrådet (Ahmedabad Municipal Corporation, AMC) fekk seinare laga ein heteplan for innbyggjarane her.
Samferdsle og industri
[endre | endre wikiteksten]Ahmadabad har jernbanelsamband med mellom anna Mumbai og Delhi.
Han er ein av dei største industribyane i India, og har særleg mange bomullsfabrikkar. Ahmadabad har eit stort tekstilmuseum, Calico Museum of Textiles.
Handelshøgskulen Indian Institute of Management ligg her.
Bygningar
[endre | endre wikiteksten]Ahmadabad er delt i to av elva Sabarmati, og har ein austleg og ein vestleg del med sine særmerke. Det finst mange døme på ulik arkitektur her, som hindu-, muslimsk og djainarkitektur, europeisk-inspirert og modernistisk arkitektur utforma av Louis Kahn, Le Corbusier og Frank Lloyd Wright.
Blant turistattraksjonane kan nemnast mange storslåtte byggverk frå glansperioden på 1400–1500-talet, blant anna fleire moskear som Sidi Saiyyed-moskeen. Kankaria er ein kunstig innsjø laga i 1451 og har ein tilknytt park.
Det finst ei rekkje minnesmerke etter Mahatma Gandhi, mellom anna Sabarmati-ashramen.
Kamla Nehru Zoological Park er heim til fleire truga artar, som flamingoar, caracalar, asiatisk ulv og chinkara.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ mhupa.gov.in/ray/csmc_ppt/6th-csmc-Ahmedabad-AHP.pdf
- ↑ «Ahmadabad (Ahmedabad) District : Census 2011 data». census2011. Henta 28 May 2014.
- Gilly, Thomas Albert; Gilinskiy, Yakov (8 December 2009). The Ethics of Terrorism: Innovative Approaches from an International Perspective (17 Lectures). Charles C Thomas Publisher. s. 23. ISBN 978-0-398-07867-6. Henta 26 June 2012.
- «Ahmadabad» (1. oktober 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. oktober 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Ahmedabad» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «History of Ahmedabad Arkivert 2016-02-23 ved Wayback Machine.». Ahmedabad Municipal Corporation, egovamc.com. Retrieved 14 May 2012.
- Prakash, Om (2003). Encyclopaedic History of Indian Freedom Movement. Anmol Publications Pvt Ltd. s. 282–284. ISBN 81-261-0938-6. Henta 26 July 2008.[daud lenkje]
- Kalia, Ravi (2004). «The Politics of Site». Gandhinagar: Building National Identity in Postcolonial India. Univ of South Carolina Press. s. 30–59. ISBN 1-57003-544-X. Henta 26 July 2008.
- A. Srivathsan (23 June 2006). «Manchester of India». The Hindu (Chennai, India). Henta 30 July 2006.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: