Agnes Buen Garnås
Agnes Buen Garnås | |||
| |||
Fødd | 23. oktober 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Jondalen | ||
Død | 12. november 2024 (78 år) | ||
Dødsstad | Notodden kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | folkemusikk | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, sangpedagog | ||
Mor | Margit Buen | ||
Far | Anders A. Buen | ||
Born | Ingvill Marit Buen Garnås, Jon Elling Buen Garnås, Per Anders Buen Garnås | ||
Prisar | Kongens fortenestmedalje i gull, Norsk kulturråds ærespris, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans |
Agnes Buen Garnås (23. oktober 1946–12. november 2024) var ein norsk folkemusikar og songpedagog, kjend som ein av dei fremste kvedarane i Noreg.[1]
Buen Garnås voks opp i Jondalen ved Kongsberg, som dotter til spelemannen Anders Buen og kvedaren Margit Buen, og søster til folkemusikarane Hauk og Knut Buen. Ho var utdanna i kulturarbeid ved Høgskulen i Telemark (1975-77) og har vidare undervist ved Ole Bull Akademiet på Voss og vore tilknytt universitet og høgskular. Saman med Dagne Groven Myhren etablerte ho kvedarseminara, først på Rauland i 1975, som resultat av arbeidet i miljøet rundt Club 7.[2] Ho etablerte Norsk Kvedarforum i 2002.
Ho var med i ensemblet Kvedar (2000-2004), og var så med i ensemblet Ljod med Marilyn Mazur, Birgit Løkke og Ruth Wilhelmine Meyer. Buen Garnås verka mykje på plater og konserter med den yngre broren Knut Buen, i tillegg med Jan Garbarek (Rosenfole og Twelve moons). Ellers var ho mor til kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås, munnharpisten Jon Elling Buen Garnås og felespelaren Per Anders Buen Garnås. Ho var busett i Bø i Telemark.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Dei spelar og syng med familien Buen (Polygram, 1975)
- Når klokkune gjev dur med Knut Buen (Kirkelig Kulturverksted, 1976/2002)
- Nordafjølls (1983)
- Draumkvedet (Kirkelig Kulturverksted, 1984) som gav Spellemannprisen 1984. I samarbeid med Harald Gundhus, Knut Buen, Kåre Nordstoga og Warren Carlstrøm
- På gamle tufter (Buen Kulturverkstad, 1985)
- Jul med rupesekken (Buen Kulturverkstad, 1985)
- Stem på våre understrenger (Buen Kulturverkstad, 1988)
- Rosensfole (Kirkelig Kulturverksted, 1989) med Jan Garbarek
- Tusseliten og trippeliti tekst og notehefte (Buen Kulturverkstad, 1990)
- Attersyn (Buen Kulturverkstad, 1995)
- Stev og slått (Buen Kulturverkstad, 1996)
- Langt inn i hugheimen (Buen Kulturverkstad, 1996)
- Dei syng! - ballader på vandring prosjekt 1994-97 (CD, 1997) med Anne Marit Jacobsen, Sinikka Langeland, Halvor Håkanes og Eli Storbekken
- Ljos og skugge (Buen Kulturverkstad, 1998)
- Soltreet (Buen Kulturverkstad, 2002)
- Han rider den mørke natt tekster av Landstad (Via Music, 2002) med bidrag fra Marilyn Mazur perkusjon, Sigbjørn Apeland orgel og Per Anders Buen Garnås fiolin.
- Lilja bære blomster i enge: folkeminneoppskrifter frå Telemark i 1840-50-åra / Olea Crøger ; utgjevne av Brynjulf Alver, Reimund Kvideland og Astrid Nora Ressem. Bokkassett med 2 bøker og ein CD spelt inn av Agnes Buen Garnås (vokal) og Gøril Ramo Håve (langeleik). Produsent Jørun Bøgeberg. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 112. Oslo 2004. ISBN 82-03-19015-4.
- Med blanke ark med diverse artistar (forlaget Grappa, 2005)
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- Vann Landskappleiken i kveding (1965, 66, 67, 68, 70, 73)
- Spellemannprisen 1984 for Draumkvedet i klassen folkemusikk/gammaldans
- Statens garantiinntekt for kunstnarar (1987)
- Lindemanprisen (1989)
- Bø kommunes musikkpris (1990)
- Osaprisen (1994)
- Sagaprisen (1992, 1994)
- Rff-prisen(1995)
- Gammlengprisen i open klasse (1997)
- Kongens fortenestmedalje i gull (2002),
- Norsk kulturråds ærespris (2005)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Aksdal, Bjørn (18. juni 2024). «Agnes Buen Garnås». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ «Agnes Buen.Garnås». folkogdans.no. Arkivert frå originalen 28. september 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Agnes Buen Garnås» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juli 2010.
.