Hopp til innhald

Afula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Afula
עֲפוּלָה
by
Arlosoroff Boulevard
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°36′22.56″N 35°17′17.11″E / 32.6062667°N 35.2880861°E / 32.6062667; 35.2880861
Areal 26,909 km²
Folketal 41 293  (2011)[1]
Folketettleik 1 535 / km²
Grunnlagd 1925
Borgarmeister Yitzhak Meron
Kart
Afula
32°36′28″N 35°17′23″E / 32.607777777778°N 35.289722222222°E / 32.607777777778; 35.289722222222
Kart som viser Afula.
Kart som viser Afula.
Kart som viser Afula.
Wikimedia Commons: Afula

Afula (hebraisk skrift עֲפוּלָה) er ein by i Nord distrikt i Israel, ogte kalla «Hovudstaden i dalen», på grunn av den strategiske plasseringa i Jezreeldalen. Byen hadde 41 293 innbyggjarar på slutten av 2011.[1] Afula ligg omtrent halvvegs mellom Jenin og Nasaret.

Namnet «Afula» kjem frå namnet på den vesle arabiske landsby al-Fuleh, òg skrive al-Fulah, el-'Afuleh og Affule.[2] Det kan ha opphav i den kanaanittisk-hebraiske rota ofel («festningstårn»).[3]

I 1226 nemnte den syriske geografen Yaqut al-Hamawi staden som «ein by i Jund Filastin», og tidlegare ei krossfararborg mellom Zir'in og Nasaret.[4] Borga han nemnte er truleg La Fève, som høyrte til Tempelriddarane og som er kjend i samband med slaget ved Al-Fule i 1183. Ruinane av borga er funnen på ein ås der Merhavia kibbutz i dag ligg, kring 2 km aust for sentrum av Afula. Innafor sjølve byen Afula , på ein gammal haug eller tell kalla Tel 'Afula, ligg ruinane av ei anna borg frå krossfarar- og mamelukk-tida.

I 1799, under det syriske felttoget til Napoleon, vart slaget ved Tabor utkjempa kring al-Fulah.

Den store synagoga i Afula.

I 1909 eller 1910 fullførte Yehoshua Hankin det første store kjøpet i Jezreeldalen. Han kjøpte kring 10 km² med land i Al-Fuleh (no Afula), som vart heimstad til to moshav-busetnader, Merhavia og Tel Adashim. Afula vart grunnlagd i 1925 av American Zionist Commonwealth, etter at kjøpet av dalen var fullført av familien Sursuk frå Beirut. Kring 25 av dei rundt hundre arabiske familiane som budde i området, aksepterte kompensasjon for landområdet sitt, og reiste frivillig, medan resten vart kasta ut.[5] På den tida tente samfunnet Jezreeldal-banen, ein del av den større Hejaz-banen. Sidan 1913 var han òg endestasjon for greina som knytte han til Jenin og seinare til Nablus. Sabotasjarav jødisk undergrunnsmilitsar i 1945, 1946 og kort tid før den arabisk-israelske krigen i 1948 råka først sambandet til Jenin, og sidan heile dalen. Reparasjonar på jernbanen i 1948 gjorde at toget kunne nå Haifa, men i 1949 vart banen nedlagt. Det har vore mange planar om å ta opp att linja, men først i 2016 er Haifa-Afula-Beit She'an-prosjektet truleg ferdig.

Sidan Afula ligg nær Vestbreidda, har han vore mål for palestinske politiske valdsepisodar.[6] Den 6. april 1994 tok ein sjølvmordsbombar livet av fem menneske i sentrum av Afula. I eit økseåtak i Afula i november 1994 vart ein 19 år gammal kvinneleg soldat angripen og drepen av ein militant arabar med øks.[7] Afula var òg målet for eit sjølvmordsåtak på ein buss den 5. mars 2002, der ein person omkom og fleire andre vart skada på den sentrale busstasjonen i byen. Ein kvinneleg sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv på eit kjøpesenter i Afula den 19. mai 2003, der tre personar mista livet og 70 vart skada. Åtaket vart utført av den palestinske Islamsk Jihad og Fatah-rørsla i Al-Aqsa martyrbrigade.

Den 17. juli 2006, under Israel-Hizbollah-krigen, avfyrte Hizbollah Katyusha-rakettar mot Afula, et av dei sørlegaste rakettåtaka på Israel frå Libanon. Seks menneske vart behandla for sjokk som følgje av raketten. Den 28. juli skapte ein annan rakett brann i byen.[8]

Basketballaget i byen, Hapoel Afula spelar i dag i Liga Leumit. Den største fotballklubben i byen, Hapoel Afula, vann Liga Alef i 2012-13-sesongen.

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]
Afula vasstårn.
By Land
Ingelheim am Rhein Flagget til Tyskland Tyskland
Osnabrück Flagget til Tyskland Tyskland
Biłgoraj Flagget til Polen Polen
Providence Det amerikanske flagget USA
Worcester Det amerikanske flagget USA
New Haven Det amerikanske flagget USA
Stamford Det amerikanske flagget USA
Fresno Det amerikanske flagget USA
Santa Fe Flagget til Argentina Argentina
  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 12. oktober 2014 
  3. Afulah, Encyclopedia Judaica, arkivert frå originalen 28. mars 2015, henta 12. oktober 2014 
  4. le Strange, Guy (1890), Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestina Exploration Fund, s. 441 
  5. Segev, Tom (1999). One Palestine Complete: Jews and Arabs Under the British Mandate. London: Abacus. s. 242. ISBN 978-0-349-11286-2. 
  6. Five die in latest suicide bombing; British bomber dead, arkivert frå originalen 28. mars 2015, henta 12. oktober 2014 
  7. Arab Kills Female Israeli Soldier With Ax[daud lenkje] - The Washington Post den 1. desember 1994
  8. Hizbollah missils with 100 kg warhead strike in the Jezreel Valley

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Afula frå Wikivoyage