Afikim
Afikim | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Jordandalen | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Emek HaYarden regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°40′46.56″N 35°34′40.08″E / 32.6796000°N 35.5778000°E | ||
Folketal | 1 427 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1932 | ||
• Grunnlagd av | Russiske medlemmar av Hashomer Hatzair | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Afikim 32°40′47″N 35°34′40″E / 32.6796°N 35.5778°E | |||
Kart som viser Afikim.
| |||
Wikimedia Commons: Afikim |
Afikim (hebraisk אֲפִיקִים) er ein israelsk kibbutz knytt til Kibbutzrørsla i Jordandalen, 3 km frå Genesaretsjøen. Han høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 1 427.[1]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet Afikim tyder «elveleie» og syner til Jordanelva og sideelva hennar, Yarmukelva.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Russiske jødar som høyrte til Hashomer Hatzair-rørsla organiserte seg i 1924 og slo seg ned i området kring Wazia i Øvre Galilea. I 1932 flytta gruppa til den noverande plasseringa på eit landområde som høyrte til Degania Bet, og fleire grupper av sioniste sosialdemokratiske, europeiske jødar kom til etter kvart. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Afikim råka av mange bomber frå syriske og irakiske styrkar,[2] og var ein skanse for Palmach. Sidan vart han eit senter for trening av soldatbønder i Nahal. Under delinga av rørsla kibbutz Meuhad vart ikkje Afikim, i motsetnad til mange andre kibbutzar, delt i to landsbyar. Han vart i staden heller med den Mapai-tilknytte delen som sidan grunnla Ihud kibbutzar. I 1977 tok Afikim i mot 66 flyktningar frå Vietnam. I 2011 tok kibbutzen i mot 100 nye medlemmar.[3]
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Afikim dyrkar i dag bananar, daddelpalmer, subtropiske planter og korn. Her vert det òg drive akvakultur og meieridrift. Kibbutzen har 400 kyr.[3] Han driv SAE Afikim, eit meierselskap, og Afikim Electric Mobilizers,[4] ein produsent av elektriske kjerrer.
Det første elektroniske mjølkemålaren, som måler kor mange liter ei ku har produsert, vart funnen opp i Afikim. Andre oppfinningar herfrå er eit pedometer som måler kor mange steg ei ku har teke, slik at ein kan finne den rette tida for inseminasjon.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Afikim» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 191.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Ben, Coby (17. juni 2011). «The secret of Israel's Milky Way». Haaretz.com. Henta 22. februar 2015.
- ↑ «Afikim Mobility scooters». Afiscooters.com. Henta 22. februar 2015.