Acidose
Acidose er ei opphoping av syrer som vert danna i kroppen. «Acidose» tyder syreforgifting, og vil seia at pH-verdien til blodet er under 7,35. Kraftig acidose er akutt livstrugande.
Acidose kan ha fleire ulike årsaker. Tilstanden oppstår oftast i samband med sukkersjuka. Acidose vert inndelt etter årsaker i respiratorisk eller metabolsk acidose.
Respiratorisk acidose
[endre | endre wikiteksten]Respiratorisk acidose skuldast at kroppen ikkje klarar å kvitta seg med karbondioksid gjennom lungene på vanleg måte, slik at CO2 hopar seg opp i blodet. Respiratorisk acidose kan oppstå til dømes ved eit astmaåtak eller dersom pusten stoppar. Årsaker:
- Kronisk lungesjukdom
- Morfinforgifting
- Skader i brystkasseregionen
Metabolsk acidose
[endre | endre wikiteksten]Metabolsk acidose skuldast opphoping av ikkje-flyktige syrer i blodet eller tap av HCO3-. Dette kan koma av auka syreproduksjon, til dømes maursyre ved metanolforgifting eller ketonlekamar ved ukontrollert sukkersjuka. Årsaker:
- Diabetes
- Mjølkesyreforgifting
- Trespritforgifting
- Nyresvikt
- Salicylatforgifting
- Kjølevæskeforgiftning (etylenglykol)
- Diaré
- Nokre nyresjukdommar
Symptom
[endre | endre wikiteksten]Som regel ligg det alvorleg sjukdom til grunn for denne komplikasjonen, og sjukdomsbiletet vil difor vanlegvis vera prega av hovudsjukdommen. Milde acidosar treng ikkje gje symptom i det heile. Vage symptom som kvalme og oppkast kan vera tidlege teikn på ein metabolsk acidose.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Acidose» frå Wikipedia på bokmål, og «Acidos» frå Wikipedia på svensk den 9. oktober 2009.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Metabolsk acidose Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. frå Pasienthåndboka.no