Hopp til innhald

Aalborghus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aalborghus

Kart
Aalborghus
57°02′58″N 9°55′27″E / 57.0494°N 9.92417°E / 57.0494; 9.92417

Aalborghus slott eller berre Aalborghus er ein festning som ligg i Ålborg i Danmark. Slottet vart reist etter initiativ av den dansk-norske kongen Kristian III i perioden frå 1539 til 1555 som festning. Arkitekt var byggmeister Morten Bussert.[1]

Anlegget viste seg ikkje å kunne fungere som festning og gjekk dermed over til å bli nytta som hovudsete for lendmannen til kongen.[2]

Aalborghus`historie går imidlertid lenger att enn 1500-talet. Det eldste ein kjenne til blei omtala fyrste gong i 1340 og låg noko lenger mot sør. Dronning Margrete Valdemarsdotter var ein av eigarane.

Kong Hans vart fødd på Aalborghus i 1455 og i 1513 døydde han òg her etter eit fall frå hesten.[1] Det er svært lite att av det opphavelege anlegget; berre austfløya. Nordfløya blei bygd på under Kristian IV på 1630-talet.

Aalborghus er eit kulturminne.[3]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aalborghus