Hopp til innhald

AM 1316-241

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av AM 1316-241. Spiralgalaksen ligg til venstre og ellipsegalaksen til høgre.

AM 1316-241 eller ESO 508-45 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 400 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Vasslangen. Paret er samansett av ein spiralgalakse som, sett ifrå jorda, ligg framfor ein elliptisk galakse. Spiralarmane i spiralgalaksen skuggar delvis for lyset til den bakanforliggjande elliptiske galaksen.