13. november
Utsjånad
13. november er den 317. dagen i den gregorianske kalenderen (318. under skotår). Det er 48 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 13. november i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Kirsten og Kirsti |
Sverige | Kristian og Krister |
Danmark | Arcadius |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1002: Massakrane på Sankt Brictiusdagen fann stad i England (kong Ethelred II av England gav ordre om at alle danskar i England skulle drepast)
- 1908: Andrew Fisher blei den femte statsministeren i Australia.
- 1923: Flagget til Sovjetunionen, kjent for hammaren og sigden, blei tekei bruk.
- 1945: Etiopia og Panama blei medlem av FN.
- 1950: General Carlos Delgado Chalbaud blei drepen i Caracas.
- 1985: Vulkanen Nevado del Ruiz i Colombia hadde eit stort utbrot. Lavastraumar og leirras tok livet av rundt 23 000 menneske.
- 1990: Den fyrste kjente nettsida blei skriven.
- 1994: Sverige stemde for EU-medlemsskap.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1905: Folkeavrøystinga 12. og 13. november om monarki eller republikk i Noreg førte til valet av prins Carl som norsk konge; 259 563 stemde for, mens 69 264 stemde imot. Berre menn hadde røysterett i valet.
- 1951: Einar Gerhardsen gjekk av som statsminister, Oscar Torp tok over.
- 1961: Banklinebåten «Peder Vinje» blei teken av ein brottsjø under fiske på
Hjelmsøybanken. Heile besetninga på 14 mista livet.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 13. november.
- 354 – St. Augustin av Hippo, katolsk helgen
- 1312 – Kong Edvard III av England
- 1760 – Jiaqing, kinesisk keisar
- 1844 – Steinar Schjøtt, ordbokredaktør og målmann
- 1850 – Robert Louis Stevenson, skotsk forfattar
- 1853 – Arnold von Siemens, tysk industrileiar
- 1881 – Knut Liestøl, norsk kulturgranskar
- 1906 – Torborg Nedreaas, norsk forfattar
- 1922 – Aud Schønemann, norsk skodespelar
- 1938 – Jan Groth, norsk bildekunstnar
- 1976 – Albina Akhatova, russisk skiskyttar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 13. november.
- 1093 – Kong Malcolm III av Skottland
- 1460: Henrik Sjøfararen, portugisisk oppdagar
- 1619 – Ludovico Carracci, italiensk målar
- 1824 – Christian Holst, norsk prest, av Peter Chr. Asbjørnsen utlagt som svarteboksprest
- 1862 – Ludwig Uhland, tysk diktar
- 1868: Gioacchino Rossini, italiensk komponist
- 1903: Camille Pissarro, fransk målar
- 1944: Gregers Gram, norsk motstandsmann
- 1974 – Vittorio De Sica, italiensk filmregissør
- 1980: Anna Skeide, norsk lyrikar
- 2001 – Babik Reinhardt, fransk jazzmusikar