Ð
ð (stungen d eller edd) er ein tilleggsbokstav til det latinske alfabetet. Den store bokstaven er Ð. Det finst tre ulike bokstavar Ð:
Bokstav | Namn | Stor | Kode | Liten | Kode |
---|---|---|---|---|---|
Islandsk og færøysk | edd | Ð | U 00D0 | ð | U 00F0 |
Samisk, kroatisk og vietnamesisk |
d med strek | Đ | U 0110 | đ | U 0111 |
Afrikansk | d med krok | Ɖ | U 0189 | ɖ | U 0256 |
Bokstaven edd (engelsk: eth) (Ð/ð) blir brukt i islandsk og færøysk, d med strek (Đ/đ) i nord-, enare- og skoltesamisk, kroatisk og vietnamesisk, og d med krok (Ɖ/ɖ) i ewe. I dei europeiske språka, færøysk unntatt, står desse bokstavane for ein stemt, apiko-dental frikativ, som blir skrive med IPA [ð], t.d. slik vi finn han i th-lyden i engelsk i 'there'.
Grunnen til at det er tre ulike teikn for same glyff Ð i Unicode er altså at dei står til tre ulike små bokstavar.
I mellomalderen blei bokstaven eth erstatta med dh i Skandinavia, og deretter, på 1500-talet, til d. Det same skjedde med finsk, der frikativen ikkje gjekk over til lukkelyd, som i svensk. Seinare, på 1800-talet, vart det finske standardspråket tilpassa skriftspråket, og lyden /d/ vart innført for bokstaven <d>.