Ŧ
Utsjånad
Ŧ og ŧ, er ein bokstav som er den 25. i det nordsamiske alfabetet. Der representerer han lyden ustemt dental frikativ [θ], den same som th-lyden i engelsk thin.[1] I SENĆOŦEN-alfabetet, som vert brukt for å skrive språket saanich, representerer han den same lyden. Teiknet vert og brukt i havasupai-dialekten av språket havasupai–hualapai, og for å representere bokstaven ט i romaniseringar av hebraisk. Unicode-kodepunkta for teikna Ŧ og ŧ er høvesvis U 0166 og U 0167.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sámi alfabehta. Giellatekno: kursa.oahpa.no. Lese den 16.5.2019.