Hopp til innhald

Øksendal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Øksendal i Vest-Agder
Det tidlegare kommunehuset på Øksendalsøra

Øksendal er ein tidlegare kommune i Sunndal i Møre og Romsdal. Senteret for kommunen var Øksendalsøra. Elva Usma (og kalla Øksendalselva) renn gjennom dalen.

Frå 1837 var Øksendal del av Sunndal formannskapsdistrikt. I 1854 blei Øksendal skild ut frå Sunndal. Øksendal hadde då 1 291 innbyggjarar.[1]

1. januar 1899 blei Ålvundeid skilt ut frå Øksendal som eigen kommune. Øksendal hadde 462 innbyggjarar etter delinga.

1. januar 1960 blei Øksendal med 497 innbyggjarar slått saman med ein del av Ålvundeid (513) og Sunndal (5 851) til dagens Sunndal kommune.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Øksendal kommune frå 1899 til 1960:

1.1.1899[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1960[1]
654 539 538 537 524 497

Folk frå Øksendal

[endre | endre wikiteksten]
Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. Folkemengd i Øksendal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå