Åmot kommune
Åmot kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Rena | ||
Areal | 1 340 km² | ||
• land | 1 306 km² | ||
• vatn | 34 km² | ||
Folketal | 4 289 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Ole Erik Hørstad (H) | ||
Kommunenr. | 3422 | ||
Åmot 61°08′47″N 11°24′57″E / 61.146388888889°N 11.415833333333°E | |||
Kart som viser Åmot kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Åmot | |||
Nettstad: www.amot.kommune.no |
- Åmot finst òg andre stader i landet
Åmot er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord til kommunane Rendalen, i aust til Trysil, i sør til Elverum, i sørvest til Hamar og Ringsaker og Løten, og i vest til Stor-Elvdal.
Kommunen har fått namnet Åmot ('åmøte') fordi dei to elvane Glåma og Rena møter kvarandre her.
Åmot har 4 skolar: Åmot ungdomsskole og Rena Barneskole som ligg på kommunesenteret Rena. I tillegg kjem Deset Oppvekstsenter og Osen Oppvekstsenter som ligg kvar seg på Deset og Osen.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Åmot har innlandsklima med relativt lite nedbør, varme somrar og store skilnader mellom dag- og nattetemperaturen i sommarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gjevne i tabellen nedanfor.
Normaler for Rena (240 moh.)[1] | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Temperaturnormal (°C) | −11,2 | −9,6 | −3,7 | 1,7 | 8,2 | 13,2 | 14,3 | 12,5 | 7,7 | 2,9 | −4,3 | −9,3 | 1,9 |
Nedbør (mm) | 50 | 38 | 40 | 42 | 62 | 78 | 90 | 79 | 85 | 80 | 67 | 55 | 766 |
Det har (med enkelte avbrot) blitt drive meteorologiske målingar i regi av met.no i Åmot frå 1873. Høgaste og lågaste offisielt registrerte temperaturar i kommunen er 34,0 gradar 19. juni 1970 på Haugedalen målestasjon [1] og −41,9 gradar 23. desember 1915 på Rena [2].
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Kjende personar frå Åmot kommune
[endre | endre wikiteksten]- Vidar Sandbeck, forfattar
- Anne Cath. Vestly, barnebokforfattar (Rena)
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Løpsjøen nordaust for Rena
Foto: Peter John Acklam
-
Slepebåten Trysil-Knut ved Sørlistøa Fløtermuseum