«Thala Dan»
Karriere (Danmark) | |
---|---|
Namn: | «Thala Dan» |
Eigar: | J Lauritzen Lines |
Verft: | Aalborg Vaerft |
Sjøsett: | 1957 |
Lagnad: | Opphogd 2007 |
Generelle mål | |
Klasse og type: | Isbrytar |
Daudvekt: | 1400 tonn |
Lengd: | 75,135 m |
Breidd: | 13,72 m |
Draft: | 6,275 m |
Fart: | 12 knop |
Rekkevidd: | 14 500 nm |
Kapasitet: | 50 passasjerar |
«Thala Dan» var ein isbrytar som vart nytta i teneste for Australia i Antarktis i 1950- og 1960-åra. Etter suksessen med «Kista Dan» bygde det danske selskapet J Lauritzen Lines to skip til av same type, men større og kraftigare. «Magga Dan» og «Thala Dan» vart begge bygde og forsterka for fart i polare farvatn.
«Thala Dan» vart bygt i 1957 ved Aalborg Værft i Danmark.
Sjølv om skipet var godt utrusta for istilhøva i polare strok, var det ikkje verna mot menneskeleg feil, og 16. januar 1959 gjekk skipet på land utanfor Davis Station. Det vart slått hol i skroget og olje lak ut i sjøen. Dette hadde ein rar effekt på pingvinane like ved som byrja å stupte ut av vatnet og ned i olje som om dei trudde det var isflak. Mannskapet klarte å stoppe lekkasjen på eiga hans og kom seg inn til Davis Station for reparasjonar.
Skipet var i drift for Australia frå 1957 til 1982[1], og vart nytta til å sende forsyningar til dei australske basane ved Macquarieøya, Mawson-stasjonen, Davis-stasjonen, Wilkes-stasjonen og Casey-stasjonen i tillegg til enkelte turar til Heardøya, den russiske Mirny-stasjonen, den franske Dumont d'Urville-stasjonen og andre oppdrag.
I 1982 vart «Thala Dan» seld til den brasilske marinen, som kalla ho «Barao de Teffé» og nytta ho til ekspedisjonar i Antarktis fram til 2002. I lag med to andre Lauritzen-skip («Kista Dan» og «Nella Dan»), vart ho avbilda på eit frimerke frå Australsk Antarktis i 2003.[2]
I 2007 vart det rapportert om at den tidlegare M.V. «Thala Dan» venta på å bli opphogd i Rio de Janeiro.[3] Etter at eit mislukka australsk forsøk på kjøpe «Thala Dan» og gjere ho om til museumskip, vart ho opphogd i Rio de Janeiro i oktober 2007.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Thala Dan» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Australian Antarctic Division Thala Dan 1957-82 Arkivert 2007-09-04 ved Wayback Machine. Retrieved October 26, 2007.
- ↑ Australia Post:AAT Antarctic Ships Arkivert 2007-09-11 ved Wayback Machine. Retrieved October 26, 2007.
- ↑ Berg, Jorgen, 2007:CV for Captain Jorgen Berg Arkivert 2013-04-09 ved Wayback Machine. Retrieved October 26, 2007.
- ↑ Maritime Heritage Association of Victoria newsletter #15 Retrieved March 23, 2008
- «Thala Dan» på Australian Antarctic Division Arkivert 2013-05-15 ved Wayback Machine.