Trengereid
Utsjånad
Trengereid | |||
stad | |||
Frå Trengereid
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5263 TRENGEREID | ||
Preposisjon | på Trengereid | ||
Ferdselsårer | 7 E16 Bergensbanen | ||
Trengereid 60°25′40″N 5°37′24″E / 60.42777778°N 5.62333333°E | |||
Wikimedia Commons: Trengereid, Bergen |
Trengereid er ei bygd i Arna i Bergen kommune. Staden ligg ved Sørfjorden, sørom Osterøy.
Fylkesveg 7 og Europaveg 16 møtest like ved Trengereid, og Bergensbanen går gjennom bygda nede ved fjorden.
Trengereid fabrikker vart i 1895 etablert av Johan Jebsen. Fabrikken dreiv med band og lisseproduksjon og hadde eiget kraftverk. Trengereid kraftverk er i dag modernisert og overteke av Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap.
Namnet Trengereid kjem av gamalnorsk Þreng(v)areið/Þrøngvareið, og tyder eid som er skapt av, eller går gjennom, ei snevring. [1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Fotografi frå Trengereid
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jørn Sandnes og Ola Stemshaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.