Hopp til innhald

Samica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo for skriftserien Samica
Forsida til skrift nr. 2 frå Samica

Samica er ein fleirspråkleg og tverrvitskapleg skriftserie som tek for seg språk, litteratur og kultur i Sápmi (Sameland). Han er blitt gjeven ut av Albert-Ludwigs-Universität Freiburg i Tyskland sidan 2014.[1][2] Redaktørane er litteratur- og kulturforskaren Thomas Mohnike ved Strasbourg universitet og språkforskarane Michael Rießler og Joshua Wilbur ved Freiburgs universitet.

Samica inneheld litterære tekster i opphavleg språkdrakt eller omsetjing, populærvitskaplege tekstar og læremateriale. Tekstane kan vera på tysk, samiske eller andre nordiske språk.

Skriftserien blei grunnlagd i 2014 som oppfølgjar til Kleine saamische Schriften, som vart publisert av Humboldt-universitetet i Berlin.[3] Michael Rießler har også vore redaktør siden starten av den skriftserien.

Bidrag til finansiering av Samica sine einskilde utgåver vart gjort av m.a. Finska litteratursällskapet,[4] Arjeplog kommune, det norske Sametinget[5] og Norwegian Literature Abroad.[6]

Oversyn over skriftene

[endre | endre wikiteksten]
  1. Grüße aus Lappland / Nils-Aslak Valkeapää, oms. Johanna Domokos & Gruppe Bⁱ. - Freiburg : Skandinavisches Seminar der Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. 2014. ISBN 978-3-9816835-0-9[7]
  2. Pitesamisk ordbok : Samt stavningsregler / Joshua Wilbur (red.) - Freiburg : Skandinavisches Seminar der Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. 2014. ISBN 978-3-9816835-1-6[8][9]
  3. Skoltesamiske tekster fra Neiden (under utgjeving, 2019)
  4. Worte verschwinden / fliegen / zum blauen Licht : Samische Lyrik von Joik bis Rap / Johanna Domokos, Michael Rießler & Christine Schlosser (red.), oms. Christine Schlosser - Freiburg : Skandinavisches Seminar der Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. 2019. ISBN 978-3-9816835-3-0[10] (Tittelen, fritt omsett: «ord forsvinner/ flyr/ til det blå lyset»)
  5. Johan Turi : Ein Bühnenstück mit einem Joik von Áilloš / Harald Gaski & Gunnar H. Gjengset, oms. Tatjana Krzemien, Anna-Sophia Mäder & Michael Rießler - Freiburg : Skandinavisches Seminar der Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. 2019. ISBN 978-3-9816835-4-7
  1. ISSN 2199-6229
  2. «Samica» (HTML). Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. Henta 25. november 2019. 
  3. «Samica» (HTML). Deutsche Nationalbibliothek. Henta 25. november 2019. 
  4. «Finlands litteratur i översättning (Samica ; 1)». FILI Finnish Literature Exchange. Henta 13. oktober 2019. 
  5. «Världens första pitesamiska ordbok snart ute». Sameradion & SVT Sápmi. Henta 14. oktober 2019. 
  6. «February's translator of the month: Johanna Domokos». NORLA, Norwegian Program in Frankfurt. Henta 18. oktober 2019. 
  7. «Literatur bringt die Welt ins Haus – Nils-Aslak Valkeapää». SCHWARZaufweiss Evelyn Kuttig. Henta 13. oktober 2019. 
  8. «Pitesamiskans skriftspråk godkänt». Arjeplognytt. Henta 25. november 2019. 
  9. «Denne nylanserte ordboka skal redde et svært truet språk» (HTML). NRK Sápmi. Henta 25. november 2019. 
  10. «Buchmesse Frankfurt – Vom Joik zum Rap. Neue Sami Poesie». Dirk HuelsTrunk – sound poetry performance. Henta 14. oktober 2019.