Krekling
Krekling | |
Krekling | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Slekt: | Empetrum |
Art: | Krekling E. nigrum |
Vitskapleg namn | |
Empetrum nigrum |
Krekling, krekebær eller kråkebær (Empetrum nigrum) er ein liten, eviggrøn plante i kreklingslekta i lyngfamilien. Han er kjend for bæra sine med same namn, som er blåsvarte og kan etast. Planten trivst i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog.
Krekling spreier seg utover i teppe, der buskane blir 10-25 cm høge og har mørkegrøn grunnfarge. Greinene og stenglane ligg nede på bakken eller bøyer seg litt oppover i endane. Blada er små, litt glatte/sukkulente, og sit i klasar langs mykje av stengelen. Dei nyaste skota er litt raudlege.
Blomane er små og raude, med tre gulgrøne begerblad og tre heilt raude kronblad. Ho- og hannplantane er separate.
I Noreg er arten svært utbreidd heilt opp til 1.800 m.o.h. I Nord-Noreg er bæra til krekling kjend som krøyk, krøkebær eller krykkjebær. Bæra har lite smak, men eigner seg godt til å laga saft eller gelé. Dei inneheld mykje vatn og kan vera god for tyrsten når ein er på tur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Krekling» frå Wikipedia på bokmål, den 28. november 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) krekling hos Artsdatabanken
- (en) krekling i Encyclopedia of Life
- (en) krekling i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) krekling hos Dyntaxa
- (en) krekling hos ITIS
- (en) krekling hos NCBI
- (en) krekling hos Panarctic Flora
- (en) krekling hos The International Plant Names Index
- (en) krekling hos Tropicos
- (en) Kategori:Empetrum nigrum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Empetrum nigrum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons