Hofuf
Hofuf | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | Hofuf | ||
Koordinatar | 25°23′N 49°35′E / 25.383°N 49.583°E | ||
Folketal | 1 500 000 (2014) | ||
Borgarmeister | Bin Jalawi | ||
Provinsguvernør | Saud bin Naif | ||
Retningsnummer | 966-13 | ||
Hofuf 25°21′39″N 49°35′59″E / 25.3608°N 49.5997°E | |||
Kart som viser Hofuf.
| |||
Wikimedia Commons: Hofuf |
Al-Hofuf (òg Hofuf , Hofof' eller Hufuf, òg kalla Al-Hasa og Al-Ahsa[1], arabisk الهفوف, al-Hufūf) er eit stort bysenter i Al-Ahsa-oasen i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Området er kjent som ein av dei største daddel-produsentane i verda, og for dei gamle marknadane og slotta som ligg her.
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg i innlandet, sørvest for Abqaiq og Dhahran–Dammam–Al-Khobar storbyområde langs vegen sørover til Haradh. Han er den mest nærliggande byen til det kjende Ghawar-feltet, eit av dei største landbaserte oljefelta i verda.
Hofuf er eit av dei store kultursentera i Saudi-Arabia, og mange kjende familiar bur her. Fakulteta for jordbruk, veterinærmedisin og dyreressursar under Kong Faisal universitet ligg i byen (resten ligg i Dammam).
I følgje segna er staden gravplassen til Laila og Majnoon frå ei av dei mest populære kjærleikssogene i den arabiske og muslimske verda. Dronninga av Saba skal òg ha vitja byen frå kongedømet sitt i Jemen.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Historisk sett var Hofuf kjend for tekstilar av ull, silke og bomull. I 1920 var byen kjend for kaffikanner av sølv og messing.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hofuf» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Al-Hofuf Travel Information and Travel Guide - Saudi-Arabia». Lonely Planet. Arkivert frå originalen 1. juli 2012. Henta June 2013.
- ↑ Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 99.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hofuf on www.The-Saudi.net
- Jabal Qarah Arkivert 2019-09-13 ved Wayback Machine., Splendid Arabia: A travel site with photos and routes