Future Days
Future Days Studioalbum av Can | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1973 | |
Innspelt | 1973 | |
Sjanger | Krautrock Ambient | |
Lengd | 41:04 | |
Selskap | United Artists | |
Produsent | Can | |
Can-kronologi | ||
---|---|---|
Ege Bamyasi (1972) |
Future Days | Soon Over Babaluma (1974)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Piero Scaruffi | (8/10)[2] |
Pitchfork Media | (8.8/10)[3] |
Future Days er det femte studioalbumet til den tyske rockegruppa Can. Dette var det siste albumet deira med den japanske vokalisten Damo Suzuki. På dette albumet nyttar bandet ein meir ambient stil enn på dei tidlegare albuma, særleg på tittelsporet og på den tjue minuttar lange «Bel Air».
Musikk
[endre | endre wikiteksten]På Future Days nyttar bandet element av ambient, som dei hadde utforska på tidlegare plate, og «unngår stort sett meir tradisjonelle rockesongstrukturar og i staden skapar disige, vide lydlandskap dominert av sivande rytmar og stemningsfulle lag av klaver».[1] PopMatters skreiv at «Det kjennest som om Future Days er drive av ein kystbris, og utstråler ein meir behageleg, avslappa stemning enn noko bandet hadde spelt inn før.»[4]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart rangert på åttandeplassen på Rolling Stone si liste over dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene.[5] Pitchfork kåra det til det 56. beste albumet i 1970-åra.[6] I 1995 kåra Mojo albumet til det 62. beste gjennom tidene.[7]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Can.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Future Days» | 9:30 |
2. | «Spray» | 8:29 |
3. | «Moonshake» | 3:04 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Bel Air» | 20:00 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Holger Czukay – bass, kontrabass
- Michael Karoli – gitar, fiolin
- Jaki Liebezeit – trommer, perkusjon
- Irmin Schmidt – klaverinstrument, synthesizerar
- Damo Suzuki – vokal, perkusjon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Future Days» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Ankeny, Jason. "Can: Future Days > Review» på Allmusic. Henta 7. mars 2013.
- ↑ Scaruffi, Piero. «Can». The History of rock (på italiensk). scaruffi.com. Henta 7. mars 2013.
- ↑ Leone, Dominique (12. juli 2005). «Can: Future Days». Pitchfork Media. Henta 7. mars 2013.[daud lenkje]
- ↑ «For the Sake of Future Days: Can's Second Golden Era». PopMatters. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «50 Greatest Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. 17 June 2015. Arkivert frå originalen 24. mars 2018. Henta 26. juli 2020.
- ↑ «Top 100 Albums of the 1970s – Page 5». pitchfork.com. Henta 26. juli 2020.
- ↑ Stephen, Gordon (August 1995). «Rocklist.net...Mojo Lists...». Mojo. Henta 26. juli 2020.