Bygdanytt
Utsjånad
Bygdanytt er ei lokalavis som kjem ut i Indre Arna i Bergen i Vestland fylke. Avisa vart starta i 1951, og er den eldste av lokalavisene i bergensområdet, og kjem ut tysdag og fredag. Avisa har sitt nedslagsfelt i Osterøy kommune og Arna bydel i Bergen. Dekningsområdet er knytt saman av Osterøybrua, som opna i 1997.
Avisa er eigd av Bergens Tidende som kjøpte avisa i 2005. Ansvarleg redaktør er Hallvard Tysse (sidan 1984).
I 2012 blei avisa kåra til Europas beste lokalavis.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 3 922
|
2002 | 3 906 |
2003 | 4 008 |
2004 | 4 088 |
2005 | 4 152 |
2006 | 4 295 |
2007 | 4 536 |
2008 | 4 587 |
2009 | 4 625 |
2010 | 4 585 |
2014 | 4 562 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.