Busse
Ein busse (busseskip) var eit langskip i norrøn tid med stor lasteevne og stort mannskap. Skipa vart bygde på slutten av vikingtida og eit stykke inn i mellomalderen. Skipstypen vart nytta som krigsskip, hadde dekk og var «høgborda». At krigarane om bord stor høgt oppe var ein føremon i strid, etter som dei då kunne skyta og kasta spyd ned på motstandarane i mindre båtar.
Ordet «busse» kjem av det latinske ordet bucia, eit stort breitt skip med fast dekk som vart skildra som «høgborda havskip». Etter kvart vart namnet ikkje bare bruka om hærskip, men vart meir og meir synonymt med storskip, seinare mest om store transport- eller handelsskip. Bussane som vart nytta som handelsskip på 1200-talet og inn på 1300-talet var rommelege skip med stor lasteevne.
Historiske bussar
[endre | endre wikiteksten]- Ormen Lange frå år 1000
- Tore Hund sin langskips-busse frå år 1025
- Harald Hardråde sin busse på 35 rom frå år 1062
- Øystein Magnusson sitt drakeskip frå år 1122 (truleg «Bøkesuden»)
- Bryggeskipet funne på Bryggen i Bergen frå 1248
- «Grandebussa» og «Vadabussa» som på byrjinga av 1300-talet dreiv frakt mellom Trøndelag og England.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ole Nordgaard (1862–1931) (1920). Stod i fortid og nutid. Aktietrykkeriet. s. 35.
- Denne artikkelen bygger på «Busse» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mars 2021.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Anton Wilhelm Brøgger (1950). Vikingeskipene : Deres forgjengere og etterfølgere. Dreyer. s. 287–288.