Westerplatte er ei halvøy i Gdańsk i Polen, som stikk ut i Austersjøen ved munningen av Martwa Wisła (ein del av estuaret til Wisła) i hamnekanalen til Gdańsk. Frå 1926 til 1939 eigde det polske militære transittdepotet (WST) halvøya, innanfor området til Fristaden Danzig (no Gdańsk).

Westerplatte
halvøy
Land  Polen
Kart
Westerplatte
54°24′27″N 18°40′17″E / 54.4075°N 18.671388888889°E / 54.4075; 18.671388888889
Wikimedia Commons: Westerplatte

Staden er kjend for slaget ved Westerplatte, den første store slaget under invasjonen av Polen i 1939.

Transitdepoet

endre

I 1925 lèt Folkeforbundet Polen få halde 88 soldatar på Westerplatte. I september 1939 hadde mannskapet på Westerplatte auka til 182 soldatar. Dei var armert med ein 75 mm feltkanon, to 37 mm Bofors panservernkanoner, fire bombekastarar og fleire medium maskingevær (MMG). Det hadde ikkje vore bygd verkelege festningsverk, berre fleire vaktbuer i betong gøymd i skogen på halvøya.

Mellom den polske garnisonen og Fristaden Danzig (Gdańsk) låg hamnekanalen og berre eit smalt eid knytte halvøya til fastlandet. I tilfelle krig skulle forsvararane måtte halde ut i 12 timar før den polske hæren nådde fram.

Befalshavande for den polske garnisonen var major Henryk Sucharski og nestkommanderande var kaptein Franciszek Dąbrowski.

Slaget ved Westerplatte

endre
For meir om dette emnet, sjå Slaget ved Westerplatte.

1. september 1939, kl. 0445 lokal tid, starta det tyske slagskipet «Schleswig-Holstein» å bombardere den polske garnisonen, samstundes som tyskarane byrja invasjonen av Polen. Dette vart etterfylgd av eit åtak frå tysk marinesoldatar, som vart slått tilbake. To forsøk til frå dei tyske soldatane vart slått tilbake seinare på dagen. I løpet av dei neste dagane bombarderte tyskarane stadig Westerplatte med sjøartilleri og tungt feltartilleri, samt stupbombing av Junkers Ju 87 Stuka-fly. 3500 tyske soldatar vart slått tilbake av dei 180 polske soldatane i sju dagar. 7. september valde major Henryk Sucharski å overgjev seg på grunn av lite ammunisjon og sidan han innsåg at han ikkje kom til å få hjelp frå den polske hæren. Som eit teikn på ære lét den tyske kommandanten, general Eberhardt, major Sucharski å få behalde offiserssverdet sitt medan han var fange.

Etterverknad

endre

Ruinane av kasernane og vaktbuene står framleis i dag. Etter krigen vart eit av vaktbygga omgjort til eit museum. To 280 mm granatar frå «Schleswig-Holstein» står ved inngangen.

Den polske diktaren Konstanty Ildefons Gałczyński skreiv eit særs kjend dikt i Polen om dette slaget, Ein song for soldatane på Westerplatte (Pieśń o żołnierzach Westerplatte).

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Zbigniew Flisowski (1982). Tu, na Westerplatte. Warsawa: Książka i Wiedza. 
  • Zbigniew Flisowski (red.) (1989). Westerplatte. Warsawa: Wydawnictwa MON. ISBN 83-11-07694-4. 
  • Maria and Zbigniew Flisowscy (1985). Bastion u wrót Gdańska. Warsawa: Nasza Księgarnia. ISBN 83-10-08779-9. 
  • Władysław Kluz (1989). Honor : mjr Henryk Sucharski. Warsawa: Akademia Teologii Katolickiej. 
  • Mirosław Gliński (1998). Westerplatte. Gdańsk: Muzeum Historii Miasta Gdańska : Wydaw. Gdańskie. ISBN 83-85843-76-0. 
  • Stanisława Górnikiewicz-Kurowska (1988). Lwy z Westerplatte. Gdańsk: Wydawnictwo Morskie. ISBN 83-215-7237-5. 
  • Stanisława Górnikiewicz-Kurowska (1999). Westerplatczycy : losy obrońców Wojskowej Składnicy Tranzytowej. Gdańsk: "Marpress". ISBN 83-87291-53-6. 
  • Andrzej Drzycimski (1989). Wojna zaczęła się na Westerplatte. Gdańsk: Krajowa Agencja Wydawnicza. ISBN 83-03-02403-5. 
  • Andrzej Drzycimski (1990). Major Henryk Sucharski. Wrocław: Ossolineum. ISBN 83-04-03374-7. 
  • Melchior Wańkowicz (1990). Westerplatte. Warsawa: Pax. ISBN 83-211-1113-0. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Westerplatte

54°24′27″N 18°40′17″E / 54.40750°N 18.67139°E / 54.40750; 18.67139