Walden Pond er namnet på ei 31 meter djup tjørn i Massachusetts i USA. Tjørna er forma i ei jettegryte, og er 250 000 kvadratmeter stor. Jettegryta vart forma då isen drog seg attende etter siste istid om lag 12 000 år sidan.[1]

Walden Pond
innsjø
Land  USA
Stat Massachusetts
Kart
Walden Pond
42°26′18″N 71°20′31″W / 42.4384°N 71.342°W / 42.4384; -71.342
Wikimedia Commons: Walden Pond

Diktar-filosofen Henry David Thoreau budde to år attmed Walden Pond, frå 1845. Etter dette skreiv han hovudverket sitt Walden. Etter dette vart staden vidkjent, og er reservat i dag. Tjørna og området ikring er i dag under press, men verna av sterke interesser.

Walden Puddle i teikneserien Doonesbury er kalla opp etter Walden Pond.[2]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. «Walden Pond State Reservation». Department of Conservation and Recreation. 2007. Henta August 8, 2021. 
  2. Tyree, Danny, «Happy 200th birthday, Henry David Thoreau!», Poughkeepsie Journal (på engelsk), henta 25. mars 2024