Valakisk romani, i Noreg og tildels Sverige ofte kalla romani shib eller (noko misvisande) romanés, er ei grein av romanispråka som blir snakka fram for alt i Søraust-Europa, men også i Noreg. Romanispråka er ei grein av indoariske språk.

Valakisk romani
řomani čhib
Klassifisering indoeuropeiske språk
 indoiranske språk
  indoariske språk
   romanispråk
Bruk
Tala i Romania
Skriftsystem Latinsk alfabet
Språkkodar
ISO 639-3 rmy


Utbreiing av valakiske romanispråk i Europa

Valakisk romani blir snakka om rundt 242 000 menneske i Romania og alt i alt av 484 780. I Romania er valakisk romani sannkjent som eit minoritetsspråk. Dei valakiske romanispråka blir skrive med ein utvida versjon av det latinske alfabetet.

I Noreg er det rundt 700 rom.[1] Dei aller fleste av dei snakkar valakisk romani.

Kjelder

endre
  1. Andersen, Dag Terje 2009: Handlingsplan for å bedre levekårene for rom i Oslo. Arbeids- og inkluderingsdepartementet.