Uglefjella (polsk Góry Sowie; tysk Eulengebirge) er ei fjellkjede i Sentral-Sudetane i Polen.

Uglefjella
fjell
Land  Polen
Kart
Uglefjella
50°40′05″N 16°30′17″E / 50.668055555556°N 16.504722222222°E / 50.668055555556; 16.504722222222
Wikimedia Commons: Góry Sowie
Daud skog på toppen av Wielka Sowa

Uglefjella dekkjer eit areal på om lag 200 kvadratkilometer og har ei lengd på 26 km. Dei ligg mellom Wałbrzyskiefjella i vest og Bardzkiefjella i aust. I aust ligg fjellovergangen Przełęcz Srebrna og i vest renn elva Bystrzyca. I nord grensar fjellkjeda til Kotlina Dzierżoniowska og i sør til Obniżenie Noworudzkie og Włodzickieåsane. Uglefjella utgjer den eldste delen av Sudetane.

Den høgaste toppen i Uglefjella er Store Ugla på 1015 moh. Resten av toppane ligg hovudsakleg mellom 600 og 980 meter over havet. Uglefjella er dekte av granskog, men enkelte stader finn ein òg bøk og barlind.

Dei største busetnadane ved fjella er:

Kjelder

endre

50°40′N 16°30′E / 50.667°N 16.500°E / 50.667; 16.500

  Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.