Tylldalen kyrkje
Tylldalen kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1736 i Tynset kommune i Innlandet fylke. Dette er den sjette kyrkja i Tylldalen, der det har vore kyrkje sidan mellomalderen.
Tylldalen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Knut E. Haug
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Tynset | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Nord-Østerdal | ||
Sokn | Tylldalen | ||
Fellesråd | Tynset | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Karl Brandvold (byggm.) | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 2. mars 1736 | ||
• Endringar | M.a. 1780-åra, 1880-åra, 1934–36, 1954–57 | ||
Kor | Rett avslutta | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Døypefont | Åttekanta, kalkforma, med lokk | ||
Altartavle | Hans Jensson Engen (staffert av Jens Sandhaug) | ||
Orgel | Sauer, 1921 (rest. Bröderna Moberg 1983) | ||
Sitjeplassar | 240 | ||
Tylldalen kyrkje 62°08′14″N 10°47′44″E / 62.13722222°N 10.79555556°E | |||
Wikimedia Commons: Tylldalen kirke |
Veggene og taket i kyrkja er dekorert med rankemåleri. Byggverket er i tømmer og har 240 plassar. Bygget blei reist av Karl Brandvold og sonen Arne. Dei to bygde også dei no nedrivne kyrkjene på Tynset og i Alvdal. Tømmerveggane fekk grov bordkleding utvendig i 1756. Innvendig er tømmerveggar og himling fullstendig dekt av måla dekorasjonar. Mellom anna rosemåling, Christian 6.s monogram og lidingshistoria framstilt av Jens Rasmussen Sandberg. Dekorasjonane var lenge tildekka, men blei avdekka av Domenico Erdmann og Ola Seter. Alvdal og Kvikne kyrkjer har liknande dekorasjonar og truleg står same lokale kunstnar bak. Altertavlene er barokke og tradisjonelle for den tida. Eit opphaveleg korskille blei fjerna i 1785.[1]
-
Kyrkjesal
-
Altar
-
Kongemonogram i taket
-
Olav den hellige frå Tylldalen (på Nationalmuseet i København)
Kjelder
endre- Øverby, Gunhild og Tore (1986). Tylldalen kirke 1736-1986. Vingelen menighetsråd.
- Sørmoen, Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 56-59. ISBN 82-91399-10-7.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 612. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ Sørmoen 2001
Bakgrunnsstoff
endre- «Tylldalen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Tynset kyrkjelege fellesråd Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- 3D-framsyning av kyrkja Arkivert 2013-12-05 ved Wayback Machine. hos fellesrådet
- Tynset kommune Arkivert 2013-12-03 ved Wayback Machine.
- Tylldalen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.