Tyin
Tyin er ein innsjø i den sørvestlege delen av Jotunheimen. Heile sjøen ligg i Vang kommune i Innlandet. Den nordlege breidda følgjer stort sett grensa mellom Vang og Årdal kommune i Vestland. Sjøen er vassmagasin for Tyin kraftverk og høgda vert regulert mellom 1082,84 og 1072,50 moh. Volumet er 313 millionar kubikkmeter.
Tyin | |||
innsjø | |||
Tyin
Foto: Tore Urnes | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet, Vestland | ||
Kommunar | Vang, Årdal | ||
Høgd over havet | 1083 moh. | ||
Areal | 33,02 km² | ||
Volum | 0,3 km³ | ||
Kystlengd1 | 51,48 km | ||
Koordinatar | 61°18′33″N 08°14′41″E / 61.30917°N 8.24472°E | ||
Tyin 61°17′00″N 8°13′00″E / 61.283333333333°N 8.2166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Tyin | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Langs sørsida av sjøen går riksveg 53 (Tyin–Årdal) og langs austsida går riksveg 252 (Tyin–Eidsbugarden).
Denne geografiartikkelen som har med Innlandet og Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.