Tsjuvasjia[a] er ein republikk i Russland og heimlandet til det tsjuvasjiske folket. Det er eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tsjeboksary, ein by ved Volga med om lag ein halv million innbyggjarar.

Tsjuvasjia
Чувашия
Чӑваш Ен
republikk
Flagg
Symbol
Nasjonalsong: Чӑваш Республикин патшалӑх гимнӗ
Land  Russland
Del av Europeisk Russland, Den volgiske føderasjonskrets
Hovudstad Tsjeboksary
Areal 18 300 km²
Folketal 1 167 061 (2024)
Språk russisk, tsjuvasjisk
ISO 3166-2 kode RU-CU
Kart
Tsjuvasjia
55°27′34″N 47°05′46″E / 55.486344°N 47.096111°E / 55.486344; 47.096111
Kart over Tsjuvasjia.
Kart over Tsjuvasjia.
Kart over Tsjuvasjia.
Wikimedia Commons: Chuvashia

Størsteparten, om lag 906 000, av innbyggjarane er tsjuvasjar. Tsjuvasjia har 1 727 større og mindre landsbyar der det nesten berre bur tsjuvasjar. I dei største byane bur det òg mange russarar, tatarar, mordvinarar, ukrainarar og mariar.

Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

  • Tsjuvasjar: 65,1 %
  • Russarar: 25,8 %
  • Tatarar: 2,7 %
  • Mordvinarar: 1,0 %

Geografi

endre

Tsjuvasjia er samansett av 21 distrikt (russisk районы):

  1. Alatyrskij (Алатырский)
  2. Alikovskij (Аликовский)
  3. Batyrevskij (Батыревский)
  4. Ibresinskij (Ибресинский)
  5. Jadrinskij (Ядринский)
  6. Jaltsjikskij (Яльчикский)
  7. Jantikovskij (Янтиковский)
  8. Kanasjskij (Канашский)
  9. Komsomolskij (Комсомольский)
  10. Kozlovskij (Козловский)
  11. Krasnoarmejskij (Красноармейский)
  12. Krasnotsjetajskij (Красночетайский)
  13. Mariinsko-Posadskij (Мариинско-Посадский)
  14. Morgausjskij (Моргаушский)
  15. Poretskij (Порецкий)
  16. Sjemursjinskij (Шемуршинский)
  17. Sjumerlinskij (Шумерлинский)
  18. Tsivilskij (Цивильский)
  19. Tsjeboksarskij (Чебоксарский)
  20. Urmarskij (Урмарский)
  21. Vurnarskij (Вурнарский)

(folketal frå 2010)[1]

Språk

endre

I byane er russisk det mest brukte språket, på landsbygda er tsjuvasjisk meir utbreitt.

Merknader

endre
  1. russisk Чувашская Республика Tsjuvasjkaja Respublika; tsjuvasjisk Чăваш Республики Tsjâvasj Respobliki

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tsjuvasjia
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.