Tettstader i Finnmark
Tettstader i Finnmark gjev eit oversyn over tettstader i Finnmark fylke. Statistisk sentralbyrå sin definisjon på ein tettstad er ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.
Per 2023 var det 30 tettstader i fylket.[1] Av dei kallar desse seg by: Alta, Hammerfest, Honningsvåg, Kirkenes, Vadsø og Vardø.
Fylket hadde ei total folkemengd på 74 112 personar per 1. januar 2023. Totalt var 57 883 personar registrert på ein tettstad, dermed budde 78 % av folkesetnaden i ein tettstad, medan landsgjennomsnittet er ca. 83 %. Ca. 38,5 % av folkesetnaden budde i ein av dei tre største tettstadene i 2023. I Båtsfjord kommune budde berre åtte personar utanfor tettstaden, det vil seie heile 99,6% av innbyggjarane i kommunen er registrert på ein tettstad, noko som truleg er det høgste talet for nokon kommune i Noreg. Berre ein av Finnmarkskommunane har ingen tettstader, det gjeld Nesseby.
Tettstadane i Finnmark etter folketal
endreTettstadane i Finnmark etter kommune
endreTalet i parentes etter tettstadnamnet er innbyggjartalet.
|
Nesseby
|
Tidlegare tettstader
endreDesse har tidlegare vore definerte som tettstad av SSB, men er det ikkje lenger no. Nokre stader ligg på grensa med rundt 200 innbyggjarar og går ut og inn av lista, til dømes er Talvik i Alta kommune og Kvalsund i Hammerfest inne som tettstad i 2023.[3]
Kjelder
endre- Statistisk sentralbyrå:
- «Folkemengde og areal i tettsteder 1. januar, 2023. Tabell 1 Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 2023». Statistisk sentralbyrå. 12. desember 2023. Arkivert frå originalen 31. januar 2024. Henta 12. april 2024.
- «Tabell 14216: Areal og befolkning i tettsteder (K) (T) 2000 - 2023». Statistisk sentralbyrå. Henta 12. april 2024.
- «Tettsteders befolkning og areal - portal til tettstad-statistikk 1999-2020». Statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen 7. april 2024. Henta 12. april 2024.
- Vassenden, Kåre (1987). «Folke- og boligtellingene 1960, 1970 og 1980. Dokumentasjon av de sammenlignbare filene» (PDF). Statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen (PDF) 21. februar 2007. Henta 12. april 2024.
Referansar
endre- ↑ SSB-1, Tabell 1 Tettsteder, 12. desember 2023 (arkivert)
- ↑ Bystatus i Noreg har ingen offisiell funksjon, sjå artikkelen Byar i Noreg.
- ↑ SSB-2, Tabell 1 Tettsteder, 12. desember 2023 (Statistikkbanken)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 SSB-3, Vassenden 1987
- ↑ SSB-4, Arkiv (tettstad-statistikk 1999-2020)