Sverre Stenersen
Sverre Stenersen (18. juni 1926–17. desember 2005) var ein norsk kombinertrennar frå Målselv. Han vart verdsmeister i kombinert i 1954 og olympisk meister i same i i 1956. Dessutan fekk han VM-sølv i 1958 og OL-bronse i 1952. Frå 1954 til -58 vann han alle dei fem norske meisterskapane i kombinert. Stenersen representerte Målselv IL.
Sverre Stenersen | |
Sverre Stenersen i 1956 | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. juni 1926 Målselv kommune |
Død |
17. desember 2005 (79 år) |
Yrke | skihoppar, kombinertløpar, langrennsløpar |
Sverre Stenersen på Commons |
Aktiv
endreStenersen markerte seg i kombinert-øvinga frå 1951-sesongen. Han kom då på bronseplass under noregsmeisterskapen, berre slått av den komande olympiameisteren Simon Slåttvik og Kjetil Mårdalen. I OL-sesongen 1952 fekk Stenersen ein ny NM-bronse, delt med nettopp Slåttvik og fekk dermed delta for Noreg under OL i Oslo. I Ol-tevlinga i Holmenkollen vann Stenersen ein ny bronsemedalje, men kunne lite gjere med den olympiske meisteren Slåttvik, ei heller med den finske kombinertkjempa Heikki Hasu som fekk OL-sølvet.
Stenersen høyrde til i verdstoppen i kombinert resten av tiåret. I 1954 vart han noregsmeister for fyrste gong, ei bragd han skulle gjenta dei neste fire åra. Under VM 1954 var han best av eit kobbel norske kombinterrennar, og vart verdsmeister i øvinga framfor fire landsmenn. Med 461,1 poeng hadde han einast eiit poengs margin til sølvmannen Gunder Gundersen.
I 1955 vann Stenersen kombinert i Holmenkollen for fyrste gong, han gjentok triumfen der i 1956 og i 1959. Under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo var han heilt suveren då han slo svensken Bengt Eriksson, som vart nummer to, med over 17 poeng. Dermed vann Stenersen alle dei fire store tevlingane han stilte i i 1956-sesongen.
Etter andreplass i Lahti i 1955 vann Stenersen kombinertrennet i den finske skibyen både i 1956, -57, 59- og -60. År 1958 gjekk verdsmeisterskapen av stabelen i nettopp Lahti. Her måtte Stenersen gje tapt for Finlands eigen Paavo Korhonen, som fekk 448,50 poeng mot Stenersens 447,69.
Same året, 1958, vann Stenersen sin femte og siste NM-tittel i kombinert i Holmenkollen. Under noregsmeisterskapen i Holmenkollbakken imponerte han og fekk NM-sølv i spesielt hopprenn 1,1 poeng bak noregsmeisteren, den tidlegare olympiameisteren Arnfinn Bergmann.
Stenersen la opp i 1961 og vart trenar for det norske kombinertlandslaget.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
endre- 1950: Nr 8 i Holmenkollen
- 1951: Nr 9 i Holmenkollen
- 1952: Bronsemedalje i OL 1952 i Oslo
- 1953: Nr 2 i Holmenkollen
- 1954: Gullmedalje i VM 1954 i Falun
- 1955: Vinnar i Holmenkollen og nr 2 i Lahti
- 1956: Gullmedalje i Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, samt vinnar av renna i Holmenkollen og i Lahti
- 1957: Vinnar i Lahti
- 1958: Sølvmedalje i VM 1958 i Lahti
- 1959: Vinnar i Holmenkollen og i Lahti
- 1960: Vinnar i Lahti
- 1961: Nr 9 i Lahti
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- 1950: Nr 6
- 1951: Bronsemedalje
- 1952: Bronsemedalje
- 1954: Gullmedalje på Kongsvinger
- 1955: Gullmedalje på Voss
- 1956: Gullmedalje i Drammen
- 1957: Gullmedalje i Mo i Rana
- 1958: Gullmedalje i kombinert i Oslo og sølvmedalje i hopp
- 1959: Bronsemedalje på Gjøvik
- 1960: Nr 4 i Nedre Eiker
Stenersen var norsk flaggberar i vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Same året vart han tildelt Holmenkollmedaljen.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Sverre Stenersen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.