Stortingsvalet 1973
Stortingsvalet 1973 vart halde den 10. september 1973. Oppslutninga ved stortingsvalet var på 80,2 %. Talet på stortingsrepresentantar auka med 5, til 155. Av dei nye mandata var to i Oslo og tre i Akershus.
Stemmetal ved stortingsvalet 1973 etter parti
endrePolitisk parti | Røystetal | Røyster i prosent | Endring frå 1969 | Stortingsmandat | Endring frå 1969 |
---|---|---|---|---|---|
Arbeidarpartiet | 759 499 | 35,3 | - 11,2 | 62 | - 12 |
Høgre | 370 370 | 17,2 | - 1,6 | 29 | 0 |
Kristeleg Folkeparti | 255 456 | 11,9 | 4,1 | 20 | 6 |
Sosialistisk Valforbund | ca. 240 000 | 11,2 | 6,7¹ | 16 | 16¹ |
Senterpartiet | 146 312 | 6,8 | - 2,2 | 21 | 1 |
Anders Langes Parti | 107 784 | 5,0 | 5,0 | 4 | 4 |
Det Nye Folkepartiet | 73 854 | 3,4 | 3,4 | 1 | 1 |
Venstre | 49 668 | 2,3 | - 7,1 | 2 | - 11 |
Raud Valallianse | 9 360 | 0,4 | 0,4 | 0 | 0 |
Ensliges Parti | 5 112 | 0,2 | 0,2 | 0 | 0 |
Noregs Demokratiske Parti | 2 128 | 0,1 | 0,07 | 0 | 0 |
Kvinnenes Frie Folkevalde | 1 868 | 0,09 | 0,09 | 0 | 0 |
Sámeálbmot Listu | 849 | 0,04 | 0,02 | 0 | 0 |
Borgarlege felleslister | ca. 140 000 | 6,0 | 2,2 | 0² | 0 |
Totalt | 2 152 204 | 100 | 155 | 5 |
¹ Endring i høve til Sosialistisk Folkeparti og Norges Kommunistiske Parti samanlagt i 1969.
² Mandat frå borgarlege felleslister fordelt på einskilde parti.
Dei borgarlege felleslistene var:
- Senterpartiet og Venstre i Oslo, Oppland, Vestfold, Telemark, Aust-Agder, Nord-Trøndelag, Troms og Finnmark
- Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre i Hedmark
- Høgre og Kristeleg Folkeparti i Nord-Trøndelag
Statistisk Sentralbyrå lagar ein statistikk over valresultatet med felleslistene oppløyst på dei einskilde partia. Resultata for desse partia på landsbasis vert då:
Politisk parti | Røyster i prosent | Endring frå 1969 |
---|---|---|
Høgre | 17,4 | - 2,2 |
Kristeleg Folkeparti | 12,2 | 2,8 |
Senterpartiet | 11,0 | 0,5 |
Venstre | 3,5 | - 5,9 |
Kjelder
endre- Stortinget.no
- Statistisk sentralbyrå
- Stortingsforhandlinger 1973-74 (Oslo, 1974]