Sosialistisk Folkeparti

tidlegare norsk politisk parti
For det danske partiet med same namn, sjå Socialistisk Folkeparti

Sosialistisk Folkeparti (SF) blei stifta i 1961. Partiet gjekk i 1975 inn som den største delen av Sosialistisk Venstreparti (SV).

Sosialistisk Folkeparti
LandNoreg
Partileiar(ar)Knut Løfsnes
Grunnlagt16. april 1961
Nedlagt30. april 1976
ForgjengarArbeidarpartiet
Etterfølgd avSosialistisk Venstreparti
Ungdomsorg.Raud Ungdom
Ideologisosialisme Sjå dette på Wikidata
Stortings-
representantar
13

SF sprang i stor grad ut av kretsen rundt avisa Orientering, for det meste arbeidarpartimedlemmer, som sidan årsskiftet 1952-1953 hadde forfekta det dei meinte var eit tredje standpunkt i politikken, eit stormaktsuavhengig demokratisk-sosialistisk standpunkt, kritisk til begge supermaktene og deira atomvåpenopprusting.

Fleire av dei opposisjonelle i Arbeidarpartiet blei i 1959 og 1960 ekskluderte (utestengde) frå dette partiet. Men det som utløyste danninga av SF var at landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1961 syntest å halde "døra på gløtt" for atomvåpen på norsk jord.

SF var mot medlemskapet i NATO, og særleg mot atomvåpen. Partiet var og mot norsk innmelding i «Fellesmarknaden», som det noverande EU heitte da. SF støtta kampen mot kolonialisme og imperialisme. Innanrikspolitisk stod partiet for ei vidareføring av den politikken Arbeidarpartiet hadde stått for før og rett etter krigen, ein demokratisk og reformistisk sosialisme dei hevda Arbeidarpartiet i stor grad hadde forlate. Sosialismen skulle innførast gradvis, gjennom reformer vedtekne av Stortinget. Storbankane måtte nasjonaliserast, og bedriftsdemokrati innførast. Dette var eigentleg standpunkt i klassisk sosialdemokratisk tradisjon.

Attåt dette kom etter kvart nye tankar med kritikk av den overdrivne materialismen i «forbrukarsamfunnet», forslag om ein ny distriktspolitikk for å stanse avfolkinga og sentraliseringa, og større vekt på likestillingsspørsmål. Organisasjonen var laus, med stor fridom for meiningsskilnad, og ingen eksklusjonsparagraf. Det motsette av det dei meinte å ha opplevd i Arbeidarpartiet, dei SFarane som kom derfrå.

Ved valet i 1961 stilte SF lister i 6 fylke. Finn Gustavsen kom inn i Oslo, og Asbjørn Holm i Nordland. Særleg Gustavsen blei landskjend gjennom det nye mediet fjernsynet. Ved neste stortingsval i 1965 stilte SF i alle fylke og fekk 6 prosent av stemmene, men framleis berre to på tinget.

Ei vanskeleg sak for SF var Kings Bay-saka. Den førte til at SF i 1963 måtte stemme mot Arbeidarpartiregjeringa, slik at den gjekk av.

I 1969 opplevde SF ei indre krise da fleirtalet i ungdomsorganisasjonen Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF) braut med partiet. Dei hadde utvikla seg til yttarleggåande kommunistar med leiaren i Kina, Mao Zedong, som politisk forbilde. Seinare skipa dei partiet AKP (m-l) og valfronten RV.

Ved valet i 1969 fekk SF berre 3,5 prosent av stemmene. Men først på 1970-talet konsoliderte partiet seg, og med ny ungdomsorganisasjon, SFU, gjekk dei inn i kampen mot norsk medlemskap i EF/EU i 1972.

I denne kampen stod dei ofte saman med folk frå venstre fløy av Arbeidarpartiet, partilause sosialistar og dei moderate kommunistane i Norges Kommunistiske Parti(NKP). Derfor danna SF saman med desse Sosialistisk Valforbund ved stortingsvalet i 1973. Valforbundet blei ein stor suksess, fekk over 11 prosent av stemmene og 16 representantar på tinget. Sosialistisk Valforbund blei omgjort til Sosialistisk Venstreparti i 1975, og dei fleste frå SF gjekk med i det nye partiet. Fleirtalet i NKP trekte seg derimot ut. Såleis er SV i stor grad blitt eit framhald av SF.

Oppslutning ved stortingsval 1961-1969

endre

Ved stortingsvalet i 1961 fekk partiet størst tilslutning i Nordland, med 7,0 % av røystene. Dei beste kommneresultata ved dette valet var Velfjord med 46,9 %, Mo med 19,0 % og Nord-Rana med 16,6 %. Ved stortingsvalet i 1965 fekk partiet størst tilslutning i Telemark (9,0 %) og Nordland (8,9 %), medan partiet i 1969 fekk størst opslutning i Finnmark (5,5 %).

Årstal Prosent av røystene Antal stortingsrepresentantar
1961 2,4% 2
1965 6,0% 2
1969 3,5% ¹ 0 ²

¹ Partiet stilte fellesliste med Norges Kommunistiske Parti i Bergen.
² Ein representant frå Arbeidarpartiet gjekk over til Sosialistisk Folkeparti i løpet av stortingsperioden.
³ For valstatistikk, sjå valstatisikk frå SSB