Sitting Bull
Sitting Bull eller 'Sitjande okse', eigentleg Tatanka Iotanke, opphavleg Hunkeshni ('den seine'), (1831–15. desember 1890) var høgste høvding over den nordamerikanske indianarstammen Hunkpapa-Lakota (Sioux).
Sitting Bull | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 1831 Grand River |
Død |
15. desember 1890 (58 år) |
Yrke | høvding, Medisinmann |
Språk | engelsk, Sioux, Lakota |
Ektefelle | Light Hair, Four-Robes-Woman, Snow-on-Her, Seen-by-her-Nation, Scarlet Woman |
Sitting Bull på Commons |
Sitting Bull var fødd ved Grand River i noverande Sør-Dakota i USA.
Krigshøvdingen hans var Pizi ('Bøffelgalla'), meir kjend som Gall, ein av indianarleiarane i Slaget ved Little Big Horn 25. juni 1876. Sitting Bull førte etter ei tid stammen sin over til Canada, der dei budde til han 1881 vart lova amnesti av den amerikanske regjeringa.
Seinare i livet turnerte Sitting Bull med Buffalo Bill Codys ville vest-show.
Da den religiøse og mystiske åndedansen spreidde seg hos siouxane, freista styresmaktene å få høvdingen til å stoppe denne rørsla. Sidan han ikkje gjorde det, sende dei indianarpolitiet sitt for å arrestere han. Da kom for å gripe han kom det til tumult, og Sitting Bull og son hans vart drepne i Standing Rock Indian Reservation i Nord-Dakota.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2021) |