Sinober
Sinober eller cinnabaritt er eit raudt mineral, ein trigonal modifikasjon av kvikksølv(II)-sulfid, HgS. Det inneheld i rein tilstand 86,2 % kvikksølv og er det klårt viktigaste kvikksølvmineralet. Større førekomstar finst i Spania (Almadén), Slovenia (Idrija), Italia (Monte Amiata), Kina (Hunan-provinsen), Russland (Ural), Mexico og USA (California). Mineralet vart tidlegare brukt som raud målarfarge, men er erstatta av kunstig framstilt sinober. Ein svart, kubisk modifikasjon av HgS finst i naturen som det langt sjeldnare mineral metacinnabaritt.
Sinober | |||
Sinober | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfidmineral | ||
Kjemisk formel | Kvikksølv(II)sulfid, HgS | ||
Strunz-klassifisering | 02.CD.15a | ||
Krystallsymmetri | Trigonal trapezoeder H-M-symbol: 3 2 Romgruppe: P31 2 1 | ||
Einingscelle | a = 4,145(2) Å, c = 9,496(2) Å, Z=3 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kaminraudt, mot brunraud og blygrå | ||
Krystallform | Romboeder til tavleforma; korna til massive og som skorper | ||
Krystallsystem | Trigonal | ||
Tvilling | Enkkle kontakttvillingar, tvillingplan {0001} | ||
Kløyv | prismatisk {1010}, perfekt | ||
Brot | Ujamn til undermuslig | ||
Fastleik | Kan lett skjerast | ||
Mohs hardleiksskala | 2–2,5 | ||
Glans | Diamantaktig til matt | ||
Strekfarge | Skarlagen | ||
Transparens | Gjennomsiktig i tynne delar | ||
Spesifikk vekt | 8,176 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa ( ) | ||
Brytingsindeks | nω = 2,905 nε = 3,256 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0,351 | ||
Oppløyselegheit | 1,04 x 10-25 g per 100 ml vatn[1] | ||
Kjelder | [2][3][4] |
Namnet er av orientalsk opphav, der siste delen kan ha samanheng med arabisk apar, 'raudt støv'. Det har kome til norsk over gresk kinnabari, fransk cinabre' og tysk Zinnober.
Kjelder
endre- «Sinober», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 14. februar 2014
- ↑ Meyers, J. (1986). «Chem. Ed.» 63. s. 689.
- ↑ Mineral Handbook
- ↑ Mindat
- ↑ Webmineral