Sigrid Sundby
Sigrid Milfrid Sundby, gift Sundby-Dybedahl, (13. juli 1942–24. juli 1977) var ein norsk skeiseløpar frå Rakkestad. Ho vart norsk firkampmeister ni gongar og sprintmeister to gongar. I 1970 tok ho tredjeplassen under Skeise-VM i West Allis. Sundby var medlem i Rakkestad Idrettsforening til 1963, seinare Arbeidernes Skøyteklubb i Oslo.
Sigrid Sundby | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. juli 1942 Rakkestad kommune |
Død | 24. juli 1977 (35 år) |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968 |
Utmerkingar | Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris |
Sundby var Noregs beste kvinnelege skeiseløpar i ein tiårsperiode, dei siste sesongane i konkurranse med Lisbeth Berg. Ho vart norsk meister årleg i perioden 1963 til 1970, og atter i 1973. I 1972 og -73 sigra ho også i den nasjonale sprintmeisterskapen. Gjennom åra sette ho 17 norske rekordar, fordelt over alle distansane.
Sundby hevda seg på tre av distanseøvingane under dei olympiske vinterleikane 1968 i Grenoble, der ho vart nummer fire på 1500 m og seks både på 500 m og 1000 m. Under verdsmeisterskapen i firkamp i West Allis i 1970 tok ho tredjeplassen, slått einast av dei nederlandske utøvarane Atje Keulen-Deelstra og Stien Kaiser. I sprint-VM vart ho som best nummer fire.
Sundby-Dybedahl la opp etter 1976-sesongen. Åre etter døydde ho i Oslo av kreft, 35 år gammal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sigrid Sundby» frå Wikipedia på bokmål, den 27. januar 2018.