Setermoen
Setermoen er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bardu kommune i Troms. Staden ligg i Bardudalen og har 2 505 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Setermoen | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Bardu | ||
Areal | 2,87 km² | ||
Folketal | 2 505 (2023) | ||
Folketettleik | 873 / km² | ||
Postnummer | 9360 BARDU | ||
Preposisjon | på Setermoen | ||
Ferdselsårer | E6 847 | ||
Setermoen 68°51′39″N 18°20′54″E / 68.860833333333°N 18.348333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Setermoen |
Språk og kultur er på fleire måtar prega av innvandringa frå Gudbrandsdalen og Østerdalen på 1700-talet. Bardu kyrkje vart ført opp i 1829, og er ein tru kopi av Tynset kyrkje. Her er det også skianlegg for alpint og hopp.
På Setermoen har det vore soldatutdanning sidan 1898. Setermoen garnison er i dag utdanningsgarnison under 6. divisjon med desse avdelingane: panserbataljon, artilleribataljon, sanitetsbataljon og etterretningsbataljon. Like sør for Setermoen ligg Troms Forsvarsmuseum.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Setermoen
- Vêrvarsel for Setermoen Arkivert 2012-03-10 ved Wayback Machine., yr.no