Samppa Lajunen
Samppa Kalevi Lajunen (fødd 23. april 1979) er ein finsk tidlegare kombinertløpar frå Åbo som mellom 1997 og 2002 tok medaljar i samtlege internasjonale meisterskap. Høgdepunktet kom under OL 2002 i Salt Lake City, der han tok tre av tre moglege gullmedaljar. Han vann eitt VM-gull i lagtevlinga 1999, fem VM- og OL-sølv, i tillegg til tre bronsemedaljar i to ulike verdsmeisterskap. Lajunen vann verdscupen i kombinert i 1997 og 2000, medan han 2002 og 2004 kom på andreplassen i same. Mellom 1997 og 2004 sigra han i 20 renn i verdscupen.
Samppa Lajunen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 23. april 1979 (45 år) Åbo |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Nordic combined at the 1998 Winter Olympics – individual, Nordic combined at the 2002 Winter Olympics – individual, Nordic combined at the 2002 Winter Olympics – sprint, Nordic combined at the 1998 Winter Olympics – team, Nordic combined at the 2002 Winter Olympics – team |
Aktiv
endreLajunen vann verdscupen i kombinert i 1997. Same sesongen fekk han si fyrste VM-medalje, ein sølvmedalje i lagtevlinga under verdsmeisterskapen på ski i Trondheim. Han gjekk då tredjeetappen for det finske lag som var i mål vel 45 sekundar bak gullaget til Noreg. I den individuelle tevlinga kom han heilt nede på 17. plass.
Under dei olympiske leikane i Nagano i 1998 tok Lajunen sølvmedaljen bak Bjarte Engen Vik i det individuelle rennet, før han så fekk eit nytt lagsølv med Finland. Som i olympiaden året før vart Vik for sterk i normaløvinga i ski-VM 1999 i Ramsau, med Lajunen på ein klar andreplass. I lagtevlinga gjekk Lajunen Finland til ein overlegen siger; Hannu Manninen, Tapio Nurmela og Jari Mantila var dei andre verdsmeistrane. Til sist i meisterskapen kom Lajunen på femteplass i den nye meisterskapsøvinga med sprint/halvprogram.
Gjennom 2000-sesongen, då det ikkje vart arrangert internasjonalt meisterskap for kombinert-utøvarane, steig Lajunen til topps i heile åtte renn i verdscupen. Han kom dessutan seks gongar på andreplass i verdscuprenn, og vann FIS sin kombinertpokal på suverent vis.
På finsk heimebane i Lahti 2001 fekk Lajunen sølvmedaljen i begge dei individuelle øvingane. Han var over minuttet bak Vik i normaløvinga, men berre 6,2 sekundar bak tyske Marco Baacke i halvprogrammet. I lagtevlinga vart det bronse på Lajunen og Finland.
Lajunen vann alle kombinertøvingane under vinter-OL 2002 i Salt Lake City. Han opna med å vinne normaløvinga, knappe 25 sekundar føre landsmannen Jaakko Tallus. I lagtevlinga gjekk Lajunen den fyrste etappen for Finland på den avsluttande stafetten, og vart etterfylgd av Mantila, Tallus og Manninen, sistnemnde gjekk i mål vel sju sekundar føre Tysklands ankermann. Den 27. februar fullførte Lajunen sin storeslem då han vann halvprogrammet med ni sekundars forsprang til Ronny Ackermann, tyskaren som tok sølvmedaljen.
I sin siste sesong som kombinterløpar, 2003, tok Lajunen bronsemedaljen i normaløvinga i ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Han fekk ein ny bronse i lagtevlinga, og vart så nummer åtte i halvprogrammet.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
endre- Trondheim 1997: Sølvmedalje i lagtevlinga
- Nagano 1998: Sølvmedalje i den individuelle øvinga og i lagtevlinga
- Ramsau 1999: Sølvmedalje i normaløvinga og gullmedalje i lagtevlinga
- Lahti 2001: Sølvmedalje i begge dei individuelle renna, bronsemedalje i lagtevlinga
- Salt Lake City 2002: Gullmedalje i begge dei individuelle renna, samt i lagtevlinga
- Val di Fiemme 2003: Bronsemedaljar i normaløvinga og i lagtevlinga
Verdscupsigrar
endreDato | Stad | Øving |
---|---|---|
5. januar 1997 | Schonach | Normal |
14. januar 1997 | Val di Fiemme | Normal |
28. november 1997 | Rovaniemi | Sprint |
30. januar 1999 | Chaux-Neuve | Normal |
6. mars 1999 | Lahti | Normal |
11. desember 1999 | Vuokatti | Sprint |
21. desember 1999 | Steamboat Springs | Sprint |
3. januar 2000 | Oberwiesenthal | Sprint |
11. januar 2000 | Val di Fiemme | Normal |
16. januar 2000 | Breitenwang | Sprint |
8. februar 2000 | Nozawa Onsen | Sprint |
26. februar 2000 | Chaux-Neuve | Normal |
17. mars 2000 | St. Moritz | Normal |
9. desember 2001 | Štrbské Pleso | Sprint |
1. mars 2002 | Lahti | Normal |
3. mars 2002 | Lahti | Sprint |
13. mars 2002 | Trondheim | Sprint |
14. desember 2002 | Harrachov | Normal |
8. januar 2003 | Ramsau | Sprint |
23. januar 2004 | Nayoro | Einzel |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Samppa Lajunen» frå Wikipedia på tysk, den 1. mars 2013.
- (en) Samppa Lajunen – Profil og resultatoversikt hos FIS
Bakgrunnsstoff
endre- «Samppa Lajunen» (på engelsk). Olympedia.