Rikgass
Rikgass er ei nemning brukt for rå naturgass som blir transportert gjennom gassrøyrleidningar. Dette er gass i den blandinga av komponentar som han førekjem i frå utvinningsbrønnen. Komponentane er både tørre gasskomponentar (metan) og våte komponentar som etan, propan, butanar, pentanar osb. Før gassen av denne blandinga førast inn i røyrleidninga kan fragment av vassløysingar og anna ureiningar vere tatt bort.[1]
Gassrøryrleidningar som fører gass frå olje-og gassfelt på norsk kontinentalsokkel til anlegg for gasshandsaming på land transporterer rikgass. Døme på slike røyrleidningar er Polarled frå Aasta Hansteen-feltet til Nyhamna gassbehandlingsanlegg, Statpipe-røyrleidningen frå Statfjord-feltet til Kårstø-anlegget og rikgassrøyrleidningar frå felta Troll, Kvitebjørn, Visund og Fram til Kollsnes prosessanlegg i Øygarden kommune.
Kjelder
endre- «Landanlegg». Norsk petroleum. Henta 7. mars 2020.
- «Vi har definert de vanligste faguttrykkene og forkortelsene for deg». Gassco. Henta 7. mars 2020.
- «Gass: Uten form og farge». Oljedirektoratet. Henta 7. mars 2020.
«rikgass» i Store norske leksikon, snl.no.
- Referansar
- ↑ Marlee Rose (16. juli 2017). «Removing Vapor From Rich Natural Gas In Oil & Gas Production». LinkedIn. Henta 2. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- «Naturgass er organisk dannede gift- og luktfrie gasstyper som utvikles under nedbryting av biologiske organismer». Gassco. Henta 7. mars 2020.