Reise
Reis eller reise er ei lengre ferd for ein person eller eit fartøy. Reiser kan føregå til fots eller med ulike transportmiddel og dekkjer som regel ein viss avstand. Dei kan også forventast å ta ein del tid.
Historisk har dei lengre reisene typisk vore handelsreiser, pilgrimsreiser, migrasjon eller oppdagingsreiser. I nyare tid er reise for opplevinga eller utviklinga til den reisande blitt meir vanleg, som i ulike former for turisme. Reising kan også knytast til arbeidslivet, som kollektivreise, pendling, tenestereiser og liknande.
Reising og tilknytte næringsfelt er tekne opp i reiselivsfaget og er organisert i reiselivsnæringa.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Reise» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2013.
«reise» i Store norske leksikon, snl.no.
Litteratur
endre- Bjørnland, Dag (red) (1977): Innenlands samferdsel i Norge siden 1800. Del 1: Demring. (1800-1850). Oslo.
- Rogan, Bjarne: Det gamle skysstellet. Reiseliv i Noreg frå mellomalderen til førre hundreåret. Oslo. ISBN 82-521-2759-2
- Steen, Sverre (1929): Ferd og fest. Reiseliv i Norge i sagatid og middelalder. Oslo.
Bakgrunnsstoff
endre- Backpacker.com – Informasjon om «backpacking»
- Reiselivsmagasin – Reiseideer og reiseinspirasjon
- BedreReise.no – Reisetips og reisenyheter fra hele verden.Denne samfunnsartikkelen som har med transport å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.