Quebec
- For byen, sjå Québec
Québec (fransk [kʰeˈbɛk] ⓘ) eller Quebec (engelsk [kʰwəˈbɛk] eller som fransk) er ein provins i austre Canada. Québec er den største provinsen i utstrekking og det nest største administrative området, etter territoriet Nunavut. Han er den andre folkerikaste i landet, med mesteparten av innbyggjarane busette langs eller nær St. Lawrence-elva. Han grensar til Ontario, New Brunswick, Newfoundland og Labrador, og til USA (statane New York, Vermont, New Hampshire og Maine) i sør.
Québec | |||
Quebec | |||
provins | |||
|
|||
Motto: Je me souviens ('Eg kjem i hug') | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Québec | ||
Største by | Montréal | ||
Areal | 1 542 056 km² | ||
Folketal | 8 501 833 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1. juli 1867 | ||
Språk | fransk | ||
Quebec 52°N 72°W / 52°N 72°W | |||
Kart som viser Quebec.
| |||
Wikimedia Commons: Quebec |
Det offisielle språket i provinsen er fransk; dette er den einaste provinsen i Canada der engelsk ikkje har denne statusen. Québec vert difor sett på som ein eigen nasjon internt i Canada.
Namn
endreOrdet quebec – som betyr 'der elva smalnar' på algonkinsk – vart brukt av algonkin-, cree og mi'kmaq-folk for å visa til innsnevringen av St. Lawrence-elva ved Cap Diamant, grunnleggarstaden til byen Québec (3. juli 1608) og «byrjinga av landet og provinsen Canada» (7. september 1535).[2] I 1632 beskreiv Samuel de Champlain staden slik: «[…] eit sund i elva, som indianarane seier […].»[3] Namnet er attestert med ulike stavemåtar: Qvebecq i 1601;[4] Quebeck eller Kébec i 1609;[5] Québec i 1613.[6] og Kebbek[7]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www12.statcan.gc.ca/census-recensement/2021/dp-pd/prof/details/page.cfm?Lang=F&GENDERlist=1,2,3&STATISTIClist=1&HEADERlist=0&DGUIDlist=2021A000224&SearchText=Qu�bec; språk på verket: fransk; vitjingsdato: 18. august 2022.
- ↑ Jacques Cartier (1535). Brief recit de la navigation faicte es ysles de Canada. s. 25.
- ↑ William B. Hamilton (1978). The Macmillan book of Canadian place names. Toronto: Macmillan of Canada. s. 225.
- ↑ Guillaume Levasseur de Beauplan. «Carte de l'océan Atlantique, 1601» (på fransk).
- ↑ Marc Lescarbot (1609). Histoire de la Nouvelle-France,. Paris: chez Jean Milot.
- ↑ de Champlain, Samuel (1925-01), The Works of Samuel de Champlain: 1608-1613, Champlain Society, ISBN 978-0-8020-1760-4, henta 27. november 2020
- ↑ Gaudreau, Guy, 1953- (1999), Les récoltes des forêts publiques au Québec et en Ontario, 1840-1900, McGill-Queen's University Press, ISBN 978-0-7735-6742-9, OCLC 181843638, henta 27. november 2020