Predikativ
Predikativet i ei setning er eit setningsledd som strukturelt står i same posisjon som objektet, men som skil seg frå objektet ved at det har same referanse som subjektet, og dermed også står til eit verb som viser nett det.
- Petra er lærar (same referent, og verbet er kopulaverbet å vere)
- Petra ser ein lærar (ulik referent, og verbet er eit vanleg transitivt verb.