27°07′S 109°21′W / 27.117°S 109.350°W / -27.117; -109.350

Påskeøya
Lokalt namn Isla de Pascua
Rapa Nui
Geografi
Stad Stillehavet. 3 515 km vest for fastlands-Chile og 2 075 km aust for næraste folkesette land, Pitcairn
Koordinatar 27°09′S 109°25′W / 27.150°S 109.417°W / -27.150; -109.417

Tal på øyar 2

Areal 163,6 km² km²

Høgaste punkt Terevaka (507 moh moh.)

Administrasjon
Land  Chile
Region Valparaíso
Største busetnad Hanga Roa

Demografi
Folketal 3 791
Folketettleik 23,1 pr km² /km²

Påskeøya (rapanui Rapa Nui, spansk Isla de Pascua) er ei øy aust i Polynesia i Stillehavet. Ho ligg 3 515 km vest for Chile og er under chilensk styre.

Øya er 163,6 km² stor og hadde i 2002 eit folketal på 3 791. Av desse bur 3 304 i hovudstaden Hanga Roa. Påskeøya er mest kjend for dei om lag 400 år gamle store steinstatuane (moai). Øya fekk namnet ho er kjend under i utanforverda etter at ein ekspedisjon leia av Jacob Roggeveen oppdaga henne på påskedagen i 1722.

Moaiar på Påskeøya

Geologi

endre

Påskeøya er ei trekanta vulkanøy og består hovudsakleg av tre sløkkte vulkanar. Den største av dei er Terevaka (507 moh) som dekkjer det meste av øya, medan Poike og Rano Kau utgjer den austlege og sørlege delen.

Påskeøya tilhøyrer ei undersjøisk fjellkjede, Sala y Gómez-ryggen, som reiser seg meir enn 2000 meter over havbotnen. Berggrunnen består av hawaiitt og jernrik basalt.

Biletgalleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Påskeøya
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.