Ole Myrvoll
Ole Myrvoll (18. mai 1911–16. juli 1988) var ein norsk økonom og politikar for Venstre og Det Nye Folkepartiet.
Ole Myrvoll | |||
Fødd | 18. mai 1911 Kragerø | ||
---|---|---|---|
Død | 16. juli 1988 Bergen | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, professor, faglitterær forfattar | ||
Institusjonar | Universitetet i Bergen | ||
Alma mater | University of Virginia Norges handelshøyskole |
Utdanning og yrkeskarriere
endreMyrvoll blei fødd i Kragerø. Han blei uteksaminert som cand. oecon. i 1935, og tok mastergrad ved University of Virginia i 1937. Han arbeidde ved Norges Handelshøyskole i Bergen og fullførte doktorgrad der i 1957. Han var professor i teoretisk samfunnsøkonomi ved NHH frå 1957, og var gjesteprofessor ved Colgate University New York (1958–1959) og Bowdon College i Maine (1962).
I 1947 kom han inn i formannskapet i Bergen for Venstre.
Regjering
endre- 28. august - 25. september 1963: Statsråd og sjef for Løns- og prisdepartementet (løns- og prisminister) i den kortliva regjeringa Lyng.
- 12. oktober 1965 - 17. mars 1971: Statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) i Regjeringa Borten
Ordførar i Bergen
endreFrå 1972 til 1973 var han den første ordføraren i den samla storkommunen Bergen.
Stortingsrepresentant
endreDå Venstre blei splitta i 1972 gjekk Myrvoll med i Det Nye Folkepartiet (seinare Det Liberale Folkepartiet). I 1973 vart han valt inn på Stortinget for DNF, den einaste gongen partiet fekk valt inn ein stortingsrepresentant.
Stortingskomitéar
endre- 1973–1977 medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen
Seinare yrkeskarriere
endreEtter tida si på Stortinget hadde Myrvoll ei rekkje styreverv, mellom anna som styreleiar for NORAD frå 1977 til 1983. Han døydde i Bergen.
Bakgrunnsstoff
endre
Føregangar Ragnar Juell Morken |
Ordførar i Bergen 1972–1973 |
Etterfylgjar Eilert Eilertsen |