Norddal kommune

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Norddal er ein tidlegare norsk kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust, og Stranda i sør og vest. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Stordal kommune til Fjord kommune.

Norddal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Valldal
Areal 944 km²
 •  land 902 km²
 •  vatn 42 km²
Målform nynorsk
Ordførar Arne Sandnes (Sp)
Kommunenr. 1524
Kart
Norddal kommune
62°17′32″N 7°26′18″E / 62.292222222222°N 7.4383333333333°E / 62.292222222222; 7.4383333333333
Kart som viser Norddal kommune.
Kart som viser Norddal kommune.
Kart som viser Norddal kommune.
Wikimedia Commons: Norddal
Nettstad: www.norddal.kommune.no
Utsikt over Norddalsfjorden, Hauge og Ruset på åsryggen, Fjørå og Vika nedanfor, Osvika på andre sida, Eidsdal og Linge i bakgrunnen.

Bygder i kommunen var Eidsdal, Fjørå, Tafjord, Valldal, og Norddal (Dalsbygda). Kommunesenteret låg på Sylte i Valldal. Det er grunnskular i Valldal og Eidsdal, næraste vidaregåande skule er Stranda. Norddal er også prestegjeld med kyrkjer på Sylte og i Dalsbygda.

Kommunen var ein av dei store jordbrukskommunane på Sunnmøre. I kommunen vert det dyrka mellom anna korn, jordbær og aprikos. I kommunevåpenet finn ein att jordbæra. Norddal kommune, og særskilt Tafjord, er kjent for relativt mildt klima og vill natur. Alle bygdene unnateke Fjørå er djupe dalar. Tafjord Kraft nyttar fallhøgdene i Tafjordvassdraget (og Muldal) og nedbørsfeltet i Tafjordfjella til produksjon av elektrisitet.

Langs Tafjorden, innover Sunnylvsfjorden og utetter Storfjorden var det ei rad veglause fjord- og fjellgardar, til dømes Skrenakken, Verpesdalen og Smoge. Alle gardane var fråflytta før 1960. Storfjordens venner driv vern av desse kulturminna.[1]

Namnet

endre

Namnet Norddal (med litt varierande skrivemåte) har vore brukt i minst 400 år, både om den vesle bygda Norddal (ofte kalla Dalsbygda) og heile kommunen/prestegjeldet. Opphavet til namnet er uklart. Ei hypotese er at folk lenger sør (Ottadalen eller Nordfjord) kalla området for Norddalane (dalane i nord).[2] Norddal prestegjeld omfatta til 1861 også Geiranger og Sunnylven, medan Dale skipreide (tingstaden Dale i bygda Norddal) i tillegg omfatta Stranda og i ein periode også Stordal. Det eldre namnet for herredet var «Dalr» i følge Amund Helland.[3] Norddal kyrkje har og blitt kalla Dale kyrkje. Helland nytta namnet Norddal om bygda på sørsida, men skreiv samstundes «Dale eller Dalsbygden, som er den beboede strækning» av bygda Norddal.[3]

Geografi og klima

endre

Størsteparten av kommunens areal er fjell, mark eller vidde over skoggrensa. Kommunen omfattar mellom anna delar av Tafjordfjella, Reinheimen nasjonalpark, Trollstigen landskapsvernområde og Geiranger-Herdal landskapsvernområde.[4] Om lag 0,5 % av arealet er utbygd område i bruk til bustader, vegar og andre installasjonar (vegar og anna infrastruktur utgjer halvparten av dette igjen). Kommunens areal fordelt på type eller bruk.[5]

Bruk km2
Utbygd 4,60
Jordbruk 14,48
Skog 186,01
Våtmark 5,03
Bart fjell 309,59
Open fast mark 348,05
Varig is og snø 31,77
Ferskvatn 43,97
Total 943,54

Om lag 90 % av fjellmassiva i Norddal er gneis med innslag av granitt.[6] Fjellet forvitrar grunna vatn, frost og varme dette skaper store og små steinras, særleg kjend er Tafjord-ulukka i 1934. Berggrunnen i Norddal er særmerkt med stort innslag av olivin som det og har vore utnytta kommersielt.

Norddal utgjer den aller inste og austlegaste delen av Sunnmøre og ligg dermed mellom mildt fuktig kystklimaet og tørt innlandsklima med kalde vintrar og varme somrar.[7] På grunn av fønvind[8] har samtidig Tafjord norske varmerekordar i vinterhalvåret med til dømes 17,9°C i januar (1989) og 21,8°C i november (2003).[9][10]

Vêrdata for Tafjord (1961–1990)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Døgnmiddeltemperatur °C 0,5 0,7 2,7 5,2 10,1 12,7 13,9 13,7 10,5 8 3,6 1,3 2,6
Kjelde: [11]


Folketalsutvikling

endre

I 1870 var folketalet 2100, og dei neste 50 åra utvandra om lag 1100 frå bygdene i Norddal kommune. Valldal er den største bygda med om lag halvparten av folketalet, der har folketalet vore stabilt sidan 1910 medan busetnaden relativt sett har godt mest attende i Tafjord og Norddal.[12] I 1993 var 8,6 % av folkesetnaden i Norddal over 80 år, mot 3,9 % i heile landet og 4,3 % i Møre og Romsdal.[13] Børre Grønningsæter skreiv i 1840 at det i heradet var 184 «Gaardmænd», 64 «Pladsemænd» og 31 «Husmænd».[14]

Folketalsutvikling for Norddal kommune frå 1801:

1801[12] 1845[14] 1865 1890 1900[15] 1910 1.12.1920[16] 1.12.1930[17] 3.12.1946[17] 1.1.1951[18] 1.1.1961[18] 1.1.1971[18] 1.1.1981[18] 1.1.1991[18] 1.1.2001[18] 1.1.2010[18]
1361 1755 2089 2410 2397 2408 2493 2489 2477 2472 2267 2085 2096 2026 1954 1801

Samferdsel

endre

Fylkesveg 63 og fylkesveg 650 knyter bygdene saman med Åndalsnes i nord, Geiranger i sør og Ålesund i vest. Norddalsfjorden deler kommunen i ei sørside (Norddal/Dalsbygda og Eidsdal) og nordside (Tafjord, Fjørå/Selboskarbygda og Valldal) som har samband berre med ferje Eidsdal-Linge. Fram til Trollstigen opna i 1936 var fjorden viktigaste sambandet med omverda. Tunnelane mellom Linge og Liabygda (Overå) opna i 1975 og gav heilårs ferjefritt vegsamband frå Valldal langs Storfjorden til Ålesund.

Børre Grønningsæter skriv i sine dagbøker (på 1800-talet) at varebyttet «udføres af Sognets Indvaanere med Jekter og Baade, til Trondhiem og Bergen med Jekter, da der i Sognet eies og haves 5 gode Raaseiler Jekter. Disse indbringer ogsaa meget Fordel ind i Sognet til Eierne, da de aarlig faar fragter fra Aalesund og Øerne til Bergen med Fisk og Tran.» Frå midten av 1800-talet vart det mindre handel på Trondheim og tilsvarande meir på Ålesund og Kristiansund. Ålesund fekk bystatus i 1848 og Ålesund voks fram som sentrum for handelen i distriktet. Veblungsnes og Devold (Åndalsnes) var frå gamalt av ein viktig marknadsplass for bøndene i Norddal.[14]

Kjende folk frå Norddal kommune

endre

Sjå òg

endre

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. http://storfjordens-venner.no/
  2. Furseth, Astor (2003): Kommunenamnet Norddal. Årbok for Norddal 2003. Norddal Mållag.
  3. 3,0 3,1 Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse over Romsdals amt. Annen del. Oslo: Aschehoug.
  4. http://snl.no/Geiranger-Herdalen_landskapsvernområde lese på nett 11.12.2012.
  5. SSB http://www.ssb.no/areal/ data for Norddal trekt ut 11.12.2012.
  6. Kleiva, Ivar (1976): Grunn og gror. Norddal bygdebøker III.
  7. http://snl.no/Møre_og_Romsdal/klima lese på nett 11.12.2012.
  8. yr.no http://www.yr.no/nyheter/1.7659300 Arkivert 2012-04-19 ved Wayback Machine. lese på nett 11.12.2012.
  9. met.no http://retro.met.no/met/klimaet_i_norge.html Arkivert 2010-04-10 ved Wayback Machine. lese på nett 11.12.2012.
  10. yr.no http://www.yr.no/stad/Noreg/rekorder.html Arkivert 2014-11-14 ved Wayback Machine. lese på nett 13.12.2012
  11. YR.no http://www.yr.no/stad/Noreg/Møre_og_Romsdal/Norddal/Tafjord/statistikk.html
  12. 12,0 12,1 Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år 1837-1987. Valldal: Norddal kommune.
  13. Møre og Romsdal fylkeskommune (1994): Fylkesstatistikk 1994. Molde oktober 1994.
  14. 14,0 14,1 14,2 Ytterdal, Per (1971): Norddal Sparebank 1871-1971.
  15. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  16. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  17. 17,0 17,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 18,5 18,6 Folkemengd i Norddal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

endre