Nasjonal turistveg
Treng oppdatering |
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Nasjonal turistveg (Nasjonal turistvei) er vegar i Noreg som har fått offisiell status som veg der det skal investerast ekstra for å få ein infrastruktur som passar turistnæringa og reisande langs desse vegane. Initiativtakar for prosjektet er Statens Vegvesen og dei presenterer prosjektet som ei ferd i harmoni med det ytre landskapet og eins eige indre.
Satsinga på nasjonale turistvegar vart vedteke av Stortinget i 2001.
Målsettinga er å tilby vegfarande bilturistar 18 nasjonale turistvegar med ei samla lengd på ca. 1800 km innan 2015. Denne særskilde turistattraksjonen skal stimulere vegfarande turistar til å nytte Noreg som sitt feriemål og gjennom det styrke næringsgrunnlaget. Godkjende strekningar vil bli profilert med ein eigen logo (turistvegsymbolet).
I 2012 fekk turistvegane arkitekturmagasinet Topos sin spesialpris for arkitekturen som blir brukt på kafébygg og utkikksposter.[1][2]
Krav til standard
endreFor å oppnå dette må det gjerast store investeringar for å få løfta vegane opp på det naudsynte nivået. Dette omfattar:
- Standard og tryggleik på sjølve vegen
- Rasteplassar av god kvalitet på rett stad
- Utsiktspunkt som er tilrettelagt
- Informasjon
- Serverings- og overnattingshøve
- Aktivitetstilbod og opplevingar utover sjølve køyreturen
Godkjende strekningar
endre18 veisystem har blitt klassifisert som Nasjonal turistveg.[3] Alle 18 strekningar er per 2012 merka med symbolet for nasjonale turistveger. Ein del arbeid på nokre strekninger skal utførast fram mot år 2020.[4]
- Varanger, Varangerbotn–Hamningberg, E75/fylkesvei 341, 160 km – (Varanger Arkivert 2016-03-10 ved Wayback Machine.)
- Havøysund, Kokelv–Havøysund, fylkesveg 889, 66 km – (Havøysund Arkivert 2013-05-21 ved Wayback Machine.)[5]
- Senja, Gryllefjord–Botnhamn, fylkesveg 86/fylkesveg 862, 90 km – (Senja Arkivert 2013-08-03 ved Wayback Machine.)
- Andøya, Andenes–Bjørnskinn, fylkesveg 82/fylkesvei 976/fylkesvei 974, 58 km – (Andøya Arkivert 2013-05-21 ved Wayback Machine.)[6]
- Lofoten, Raftsundet–Å, E10, 230 km – (Lofoten Arkivert 2014-11-04 ved Wayback Machine.)
- Helgelandskysten, Holm–Alstahaug–Stokkvågen–Godøystraumen, fylkesveg 17, 416 km – (Helgelandskysten Arkivert 2013-05-21 ved Wayback Machine.)
- Atlanterhavsvegen, Kårvåg–Bud, fylkesvei 64/fylkesvei 242/fylkesvei 663/fylkesvei 238/fylkesvei 235, 36 km – (Atlanterhavsvegen Arkivert 2014-10-04 ved Wayback Machine.)[7]
- Geiranger–Trollstigen, Langevatnet–Sogge bru, fylkesveg 63, 106 km
- Rondane, Muen–Folldal og Enden–Sollia kirke, fylkesvei 27/fylkesvei 219, 75 km[8]
- Gamle Strynefjellsvegen, Grotli–Videsæter, fylkesveg 258, 27 km
- Gaularfjellet, Balestrand–Moskog og Eldalsosen–Sande, fylkesveg 613/fylkesveg 610, 130 km – (Gaularfjellet)[9]
- Sognefjellet, Lom–Gaupne, fylkesveg 55, 108 km
- Valdresflye, Garli–Gjende–Hindsæter, fylkesveg 51, 46 km
- Aurlandsfjellet, Aurlandsvangen–Lærdalsøyri, fylkesveg 5627, 47 km – (Aurlandsfjellet)[10]
- Hardangervidda, Eidfjord-Haugastøl, riksve7 7
- Hardanger, Steinsdalsfossen–Granvin, Norheimsund–Tørvikbygd, Jondal–Utne og Kinsarvik–Låtefoss, fylkesvei 7/fylkesvei 49/fylkesvei 550/riksvei 13
- Ryfylke, Oanes–Hordalia, riksvei 13/fylkesvei 46/fylkesvei 520, 183 km
- Jæren, Ogna–Bore, fylkesvei 507/fylkesvei 44, 41 km[11]
Nye kandidatar
endreAv femti søkarar har Vegdirektoratet plukka ut følgjande vegar med potensial til å få status som nasjonal turistveg:
- Riksveg 13/520 – Ryfylke.
- Hardanger, Riksveg 7; vidareføring av eksisterande prosjekt.
I nær framtid
endreEtter vurderingane til vegdirektoratet er det berre 15 - 25 strekningar som har potensial til å oppnå status i løpet av dei neste 25 åra.
Komande
endre- Vardø – Hamningberg; heilt ute i havkanten
- «Yttersida» på Senja som går langs fjelltindane som blir kalla «Djevelens tanngard».
- Bjørnskinn – Bleikdelet på Andøya; vegen vil gå langs yttersida av Andøya
- Vennesund – Alstahaug på sørlege delen av Helgelandskysten; kyststrekning med UNESCO-øyane Vega utanfor (94 km Rv17)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nasjonal turistvei» frå Wikipedia på bokmål, den 13. januar 2011.
- ↑ The Norwegian National Tourist Routes (Topos Magazine) Arkivert 2012-09-30 ved Wayback Machine. publisert 6.august 2012, lese 27.september 2012.
- ↑ http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nordland/1.8337688
- ↑ Nasjonale turistveger - OMVEG. Arkitektur og design langs 18 nasjonale turistvegar Arkivert 2012-01-11 ved Wayback Machine., av Nina Berre og Hege Lysholm, utgjeve april 2010 av Statens vegvesen, lese 2011-12-18.
- ↑ «Dette er dei vakraste vegane i landet», NRK 1. juli 2012
- ↑ Havøysund innviet 22.juni http://www.vegvesen.no/Turistveg/havoysund/Nyhetsarkiv/Nasjonal turistveg Havøysund åpnet.351851.cms[daud lenkje] lest 16.september 2012
- ↑ Andøy/Senja innviet 30.juni 2012 http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/Om vegprosjekter/Turistveger/Nyheter/Åpning Nasjonal turistveg Andøya og Senja.354831.cms[daud lenkje] lest 16september 2012
- ↑ Endelig har Atlanterhavsvegen blitt nasjonal turistveg NRK 9.juni 2012 http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8189166 lest på nett 16.09.12
- ↑ Rondane innviet i september 2008 http://www.retten.no/lokale_nyheter/article3793582.ece lest på nett 16.09.12
- ↑ Gaularfjellet
- ↑ Aurlandsfjellet
- ↑ Jæren innviet 22.april 2012 http://www.vegvesen.no/Turistveg/jaeren/Nyhetsarkiv/Nasjonal turistveg Jæren åpnet.331571.cms[daud lenkje] nyhet lest 16.09.12