Mönchengladbach
Mönchengladbach er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 265 000 innbyggjarar. Byen ligg vest for Rhinen, midt mellom Düsseldorf og grensa til Nederland.
Mönchengladbach | |
---|---|
Domkyrkja i Mönchengladbach | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Düsseldorf Kreisfri by |
Grunnlagd | 974 |
Borgarmeister | Felix Heinrichs |
Geografi | |
Flatevidd - By |
170,43 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
266 073 1 552/km² |
Koordinatar | 51°12′0″N 6°26′0″E / 51.20000°N 6.43333°E |
Høgd over havet | 70 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC 1) CEST (UTC 2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 41001-41239 |
Telefon-retningsnummer | 02161, 02166 |
Bilnummer | MG |
Heimeside: www.moenchengladbach.de |
Det opphavlege namnet på byen var Gladbach, som i dag framleis ofte vert nytta om byen. For å skilje han frå ein annan by med same namn (i dag Bergisch Gladbach) tok han namnet München-Gladbach i 1888. Denne stavinga kunne folk mistolke som at Gladbach var ein bydel i München, og derfor vart namnet endra til Mönchen Gladbach i 1950 og Mönchengladbach i 1960.
Opphavet til byen var eit kloster grunnlagd i 974. Det vart kalla opp etter Gladbach, ei lita elv, som i dag renn under jorda. Klosteret og dei nærliggande landsbyane vart ein by på 1300-talet. I nærleiken låg byen Rheydt, som i dag er ein del av Mönchengladbach.
Mönchengladbach er heimstad for fotballlaget Borussia Mönchengladbach.
Folk frå Mönchengladbach
endreFormel 1-sjåførane Nick Heidfeld og Heinz-Harald Frentzen og filosofen Hans Jonas var fødde her. Den norske fotballspelaren Isabell Herlovsen er også fødd i Mönchengladbach.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mönchengladbach» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2007.