Lesotho
Lesotho er eit land i det sørlege Afrika. Landet er ein enklave, eit kongedøme som er totalt omkrinsa av Sør-Afrika. Namnet tyder «landet til sothoane» og viser til det offisielle språket, sesotho. Det var tidlegare ein britisk koloni, og var kalla Basutoland. I dag er Lesotho ein del av det britiske samveldet.
Mmuso wa Lesotho
(norsk: Lesotho, lesothisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Lesotho Fatse La Bontat'a Rona» | ||||||
Motto | Khotso, Pula, Nala (fred, regn, rikdom) | ||||||
Offisielle språk | Sesotho, engelsk | ||||||
Hovudstad | Maseru | ||||||
Styresett |
Monarki Letsie III | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
30 355 km² (139.) Ubetydeleg | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2004) – Tettleik |
1 958 042 (147.) 1 861 959 64,5 /km² (119.) | ||||||
Sjølvstende frå det britiske imperiet |
4. oktober 1966 | ||||||
Nasjonaldag | 4. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
5 777 mill. USD (162.) 3 300 USD (157.) | ||||||
Valuta | loti | ||||||
Tidssone | UTC 2 | ||||||
Telefonkode | 266 | ||||||
Toppnivådomene | .ls
|
Historie
endreBasutoland bytte namn til Kongedømet Lesotho ved sjølvstendet frå Storbritannia i 1966. Kong Moshoeshoe måtte gå i eksil frå 1990 til 1995. Under eksilet tok sonen, noverande kong Letsie III, trona. I 1993 vart ei konstitusjonell regjering oppattretta etter 23 år med militærstyre. I 1998 vart eit val fylgt av valdelege protestar og ein militært oppreist, som førte til at Sør-Afrika greip inn med ein kort, men blodig militær invasjon. Etter dette har konstitusjonen vorte reformert og det politiske leiet har stabilisert seg. I 2002 vart det halde eit fredeleg val til parlamentet.
Geografi
endreLesotho er prega av fjell og høgland, og er vorte kalla «kongedømet i himmelen». Det høgaste punktet er Thabana Ntlenyana på 3482 meter.
Klima
endreLesotho har eit subtropisk klima der nedbøren fell i samband med søraustpassaten og er mykje det same som Highveld i Sør-Afrika, men temperaturane er mykje lågare i høgda og ein får ofte snø i fjella om vinteren. I dei lågareliggjande områda er vinteren turr og mild, men ofte med kalde netter. Sumaren er varm med litt meir nedbør og temperaturane vert sjeldan svært høge. Dei lågareliggjande områda får om lag 500-600 mm nedbør i året og nedbøren kjem ofte i samband med kraftig torevêr. I enkelte fjellstrøk kan årsmiddelnedbøren koma opp mot 1900 mm.
Middeltemperaturen i hovudstaden Maseru (1570 moh.) er 21 °C i desember-februar og 8 °C i juni–juli.
Innbyggjarar
endreStørstedelen av lesotharane, over 99%, er basothoar, men det finst òg folk av europeisk og asiatisk opphav. Sesotho og engelsk er offisielle språk, medan mellom anna zulu og xhosa òg vert tala.
80 % av folket er kriste, størstedelen katolske. I tillegg finst innfødde religionar, hinduisme og islam.
HIV/AIDS
endreLandet har ein av dei høgaste førekomstane av HIV/AIDS i verda, truleg på rundt 29 % av folket, med ein aukande prosentdel. Styresmaktene i landet såg seint det enorme trugsmålet frå sjukdomen, og det som er vorte gjort for å stoppa spreiinga har berre hatt avgrensa verknad. Landet har likevel laga fleire planar og hatt kommisjonar for å prøva å takla problemet.
AIDS-epidemien har minska den venta levealderen brutalt, og har gjeve utslag på folkeveksten, som no er nær stogga. Ein gut fødd i 1990 hadde ein venta levealder på 51,6 år, i 2000 42,5, medan den forventa levealderen i 2005 er utrekna til berre å vera 32,3[1]. Liknande dystre tal gjeld for kvinner.
Økonomi
endreDen viktigaste naturressursen til Lesotho er vatn, som det har i store mengder.
Lesotho er nært knytt økonomisk som geografisk til Sør-Afrika. Landet baserer seg på eksport av vatn og elektrisitet til dette landet, i tillegg til lesotharar som arbeider i Sør-Afrika. Landet eksporterer òg diamantar, mohair og ull. Elles er økonomien jordbruksbasert. Over halvparten av inntektene i landet kjem frå denne sektoren, og nær halvparten av folket tener noko på dyrking av jord eller dyrehald.