Laval i Frankrike
Laval er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture i departementet Mayenne, og ligg på grensa mellom Bretagne, Normandie og Anjou. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar, og desse vert kalla Lavallois.
Laval | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Pays-de-la-Loire Mayenne | |
Geografi | ||
Flatevidd | 34,22 km² | |
Flatevidd - By |
34,22 km² | |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
50 947 1 489/km² | |
Koordinatar | 48°04′24″N 00°46′08″W / 48.07333°N 0.76889°W | |
Høgd over havet | 70 m | |
Tidssone | CET (UTC 1) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: www.mairie-laval.fr |
Geografi
endreLaval ligg ved elva Mayenne i regionen Pays-de-la-Loire, rundt Loiredalen. Han er senter for eit storybområde med om lag 100 000 innbyggjarar.
Historie
endreHerrane av Laval er frå eit dynasti som har sett spor etter seg i fransk historie. Den «gamle gata» var i fleire hundreår hovudvegen inn i Bretagne.
Etter Hundreårskrigen (1337 til 1453), då byen hadde skifta eigarar fleire gonger, fekk byen ein oppsving, og herrane i byen brukte store summar på å bygge nye, flotte bygg og bustadar. Byen nådde eit høgdepunkt på 1800-talet då linfabrikkar og støyperi sprang opp i byen . Under den første verdskrigen vart mange av innbyggjarane sende ut i krigen, og kom aldri att, noko som hindra vidare utvikling av byen.