Huaynaputina (quechua Waynaputina) er ein stratovulkan som ligg i det vulkanske høglandet sør i Peru. Vulkanen kan ikkje identifiserast som eit eige fjell, men har i staden form som eit stort vulkankrater. Han har produsert høg-kaliumhaldig andesitt og dasitt.[2] Den 19. februar 1600 eksploderte vulkanen katastrofalt (vulkaneksplosivitetsindeks eller VEI 6) i det som var den største vulkaneksplosjonen i Sør-Amerika i historisk tid. Utbrotet heldt fram med ei rekkje hendinga fram til mars. Ei skildring av hendinga er fortalt i Fray Antonio Vazquez de Espinosa sin Compendio y Descripción de las Indias som vart omsett til engelsk som Compendium and description of the West Indies i 1942.

Huaynaputina
Waynaputina
fjell
Land  Peru
Fjelltype Stratovulkan
Fjellkjede Andesfjella
Høgd 4 850[1] moh.
Siste utbrot 1600
Koordinatar 16°36′30″S 70°51′00″W / 16.60833°S 70.85000°W / -16.60833; -70.85000
Kart
Huaynaputina
16°36′56″S 70°50′59″W / 16.615555555556°S 70.849722222222°W / -16.615555555556; -70.849722222222
Wikimedia Commons: Huaynaputina (volcano)

Effektar i regionen

endre

Då Huaynaputina eksploderte produserte han om lag 30 kubikkilometer med tefra[1] og pyroklastiske straumar raste 13 km austover og søraustover, samt at laharar – vulkanske gjørmestrøymar – øydela fleire landsbyar og nådde kysten av Stillehavet, 120 km unna.[1] Utbrotet starta med ei plinisk røykfane som strekte seg inn i stratosfæren og oskefallet og dei tilhøyrande jordskjelva skapte store øydeleggingar i storbyane Arequipa (70 km mot vest) og Moquegua.

Oskefall vart rapportert 250–500 km unna, gjennom heile det sørlege Peru og det som i dag er det nordlege Chile og vestlege Bolivia. Oskelaget dannar i dag eit nyttig stratigrafisk grenselag gjennom heile Peru.[3]

Det tok jordbruksnæringa i regionen 150 år for å kome seg på fote att.[1]

Globale effektar

endre

Russland

endre

Eksplosjonen hadde effekt på klimaet på den nordlege halvkula (på den sørlege halvkula har ein få rapportar), der 1601 var det kaldaste året på seks hundreår, noko som førte til hungersnaud i Russland, den russiske hungersnauda 1601-1603.[4]

Elles i Europa

endre

I Estland, Sveits og Latvia var det særs kalde vintrar i 1600-1602; i 1601 i Frankrike der innhaustinga av vindruer kom seint. I tillegg kollapsa vinproduksjon i Tyskland og i Peru.[5]

I Japan fraus Suwasjøen til tidlegare enn han hadde gjort på 500 år. I Kina blømde ferskentrea seint.[5]

Grønland

endre

Grønland er det i iskjernene funne svovelsyre innhald som var høgare enn etter Krakatau-utbrotet i 1883.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Smithsonian Institution Global Volcanism Program: Huaynaputina
  2. «The Geochemistry of Huaynaputina Vulkan, Southern Peru» (PDF). Third ISAG. Henta 13. desember 2009. 
  3. 3,0 3,1 «Huaynaputina information». University of North Dakota. Henta 13. desember 2009. [daud lenkje]
  4. Witze, Alexandra (11. april 2008). «The volcano that changed the world». Nature.Com News. Nature Publishing Group. Henta 13. desember 2009. 
  5. 5,0 5,1 Thompson, Andrea (5. mai 2008). «Vulcan in 1600 caused global disruption». LiveScience.com. MSNBC. Henta 13. desember 2009. 

Bakgrunnsstoff

endre