Herbjørg
kvinnenamn
Herbjørg er eit kvinnenamn, av norrønt Herbjǫrg. Namnet er samansett av ledda 'hær' og 'berging, vern'. Eit nærskyld namn med same opphav er Herborg.
Herbjørg har i Noreg namnedag 14. januar.
Bruken av namnet i Noreg
endre- I folketeljinga frå 1801 var denne namneforma ikkje registrert.
- I 1900 var 8 listeførte med namnet Herbjørg, flest i Nordland. Ei hadde namnet Herbørg.
- I 2008 hadde 167 kvinner Herbjørg til første fornamn.
Kjende namneberarar
endre- Herbjørg Wassmo (f. 1942), norsk forfattar
Kjelder
endre- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Herbjørg hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet