Hans-Erik Dyvik Husby
Hans-Erik Dyvik Husby (15. juni 1972–19. november 2021)[1] særleg kjend under artistnamnet Hank von Helvete, var ein norsk artist og skodespelar, kjend som vokalist i det norske bandet Turboneger.
Hans-Erik Dyvik Husby | |||
Hank von Helvete opptrer med Turboneger i Stavanger 2. mai 2005. Foto: Espen Mills | |||
Fødd | 15. juni 1972 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Gravdal | ||
Død | 19. november 2021 (49 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Fødenamn | Hans-Erik Dyvik Husby | ||
Alias | Hank von Helvete, Herr Tugen, Hertugen, Hertis, Hank von Hell | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1993–2021 | ||
Sjanger | hardrock, pønkrock | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | Turboneger | ||
Verka som | musikar, skodespelar, songar | ||
Gift med | Gro Skaustein |
Biografi
endreHans-Erik Dyvik Husby vart fødd i Gravdal i Vestvågøy kommune, men budde i Å i Lofoten med familien til Hans-Erik var tre. Seinare flytte dei til Fauske, Rognan, og til slutt Tvedestrand. I dag er Husby kjend for storstilte opptredenar saman med gruppa Turboneger, gjerne med mykje sminke og berr overkropp. Men han har òg ei velkjend fortid som stoffavhengig. Det var samanbrotet hans på grunn av heroinabstinensar under ein turné i Italia som gjorde at Turboneger blei oppløyst for ei tid i 1998. I juli 2010 trekte Husby trakk seg som medlem fra Turboneger. Same år spelte han hovudrolla som Cornelis Vreeswijk i filmen «Cornelis» i Sverige.
Husby vart stoffri og hadde i tillegg til musikken starta ei karriere som muskal-skodespelar (hovudrolle i Jesus Christ Superstar). Via etermedia vart han òg talsmann for moderne norsk kristendom (Mellom anna i "Bokprogrammet" - NRK 1. sept. 2009) der Husby synte at han hadde eit reflektert og grunngjeve tilhøve til vanskelege teologiske spørsmål kring synet på himmelriket og fortapinga (helvete). Husby hadde i fleire intervju omtala seg sjølv som personleg kristen.
Bror til Hans-Erik var komponisten Kaare Dyvik Husby.
Kjelder
endre- ↑ «Hans-Erik Dyvik Husby er død». VG.no (på norsk bokmål). 19. november 2021. Henta 19. november 2021.